Tapas

Quiche med spekeskinke & tomat

[dropcap]E[/dropcap]i terte med godt fyll er enkel mat å lage og fungerer som både lunsj-måltid, middag eller del av eit koldtbord. Denne har fått klassiske smakar av pesto, spekeskinke, tomat og løk og er perfekt sommarmat saman med ein grøn salat.

Sprø kyllingbitar med chili-dip

[dropcap]S[/dropcap]prø kylingbitar med knasande og krydra panering og ein god chili-dip er herleg god snack-og kosemat til helga. Det passar som ein lett smårett når du er fysen på noko salt eller som eit måltid dersom du serverer saman med ein god meksikansk salat ved sidan av. Noko å prøve […]

Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat

[dropcap]E[/dropcap]in brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.

Brokkolisalat med granateple & spekeskinke

[dropcap]B[/dropcap]rokkolisalat er ein spennande salat som passar like godt som hovudmåltid som tilbehør til kjøt-eller fiskerettar. Salaten har mellom anna sprø brokkoli, friske granateplekjerner, sprøsteikt spekeskinke og ein krema dressing med crème fraiche.

Tomatsalsa

[dropcap]T[/dropcap]omatsalsa eller tacosaus som det også kan kallast er det svært enkelt å lage sjølv heilt frå botnen av. Frisk smak av tomat, løk, chili og koriander som passar supert som tilbehør til ulike meksikanske rettar!

Brød med ertehummus & spekeskinke

[dropcap]D[/dropcap]en kjipe brødskiva med svett gulost er vi for lengst lei av og vil ha nye og meir spennande alternativ til. Denne sandwichen, brødblingsen, smørbrødet eller kva enn du vil kalle det er eit friskt innslag i frukost- og lunsjmenyen. Frisk ertehummus, spekeskinke og litt olivenolje gjer brødmaten innbydande, sunn […]

Bruschetta med balsamicomarinerte jordbær & chèvre

[dropcap]S[/dropcap]nart nærmar det seg bærsesong igjen her i Norge, men enn så lenge får vi klare oss med dei utenlandske bæra på butikken. Denne enkle retten som fungerer som både forrett, lunsj og snack har god smak frå jordbær som er marinerte i balsamico og basilikum og er nydeleg saman […]

Tapas- & smårettar til 17.mai

På lik måte som med alle kakene til nasjonaldagen er det også mange som skal ha med seg smårettar til forskjellige arrangement eller skal ha mange gjestar å servere. Då er det perfekt med smårettar og koldtbord som kan lagast kjapt og forberedast på førehand.