Tilbehør

Kvitlauksdressing

Innlegget inneheld reklame: IngridK Keramikk Ein god kvitlauksdressing er eit must til grillmat, salatar eller som saus til kvit pizza. Og den er sjølvsagt aller best når du lagar den sjølv. Denne dressingen brukte eg saman med grilla kjøt og til salat ein dag, og neste dag brukte eg resten […]

Granola med dadlar & bokkveite

Januar byr ofte på ein ny og frisk start i matveien for dei fleste. Etter jula freistar det med sunne og lettare måltid. Granola var det eg starta året med og er eit super utgangspunkt for ein sunn frukost. Denne granolaen er laga med havregryn og bokkveiteflak, og er derfor […]

Havrekjeks

Knasande kjeks med havre er kjekt å ha på lur når blodsukkeret stuper eller ein vil ha ein lettvint snack å kose seg med. Aller best smakar dei med ei god skive ost og syltetøy på, spør du meg.

Kylling-& karrisalat i wrap

[dropcap]K[/dropcap]ylling og karri er ein kombinasjon som alltid slår an og det gjeld også i denne påleggs-salaten. Pakka inn i ei grov tortillalefse med grøn salat blir dette eit godt lunsj-måltid med mykje god smak.

Earl Grey- Granola

[dropcap]K[/dropcap]vardags-frukostane mine består svært ofte av gresk yoghurt eller annan type mjølkeprodukt toppa med ferske bær og heimelaga granola eller müsli. Lukta av Earl Grey-te gir meg umiddelbart kjensla av tidleg morgon og ein god start på dagen. Derfor er denne granolaen med eit lite hint av nettopp denne teen […]

Brødsnurrar med parmesan & soltørka tomat

[dropcap]E[/dropcap]in brødsnurr er perfekt tilbehør til supper eller spekemat eller berre som snacks dersom du har lyst på noko godt. Desse med parmesan og soltørka tomat smakar nydeleg saman med for eks. tomatsuppe eller som tilbehør til tapas-bord med spekemat og salat.

Surdeigs-hamburgerbrød

[dropcap]E[/dropcap]in god og smakfull burger krev også gode brød, og det aller beste hamburgerbrødet lagar du sjølv. Desse hamburgerbrøda som er laga med surdeig blir luftige, saftige og smakfulle.

Saftig langpanne-focaccia

[dropcap]J[/dropcap]akta på den perfekte focaccia har endeleg slutta med denne saftige langpanne-utgåva. Focaccia er stort sett alltid vellukka og smakfullt, men det er ikkje før no eg har blitt heilt fornøgd med resultatet.

Tomatsaus

[dropcap]E[/dropcap]in god og enkel heimelaga tomatsaus er utgangspunkt for mange pizza-og pastarettar. Denne er laga heilt frå botnen av med gode cherrytomatar og passar til det meste.