Tilbehør

Eplesmør

[dropcap]E[/dropcap]plesmør er overraskande godt og smakar nesten som karamellisert eplemos. Eplesmør inneheld ikkje smør i det heile, men har derimot smørekonsistens som smør og er nydeleg godt på brødskiva.

Rognebærsirup

[dropcap]H[/dropcap]austen byr på flotte fargar både til matfatet og ute i naturen og dei knallraude rognebæra er like fine både inne og ute. Denne rognebærsirupen smakar utruleg godt saman med tradisjonell mat som kjøtkaker og ulike rettar med viltkjøt.

Pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er det perfekte tilbehør til middags-rettar. Den hole lomma i brødet kan fyllast med ulike typar kjøt eller fisk, salat eller pålegg og passar fint både til lunsj og middag.

Chimichurri

[dropcap]C[/dropcap]himichurri er ein kald saus med grøne urter og opphav frå Argentina. Sausen inneheld masse kvitløk, persille og olivenolje, og blir som oftast servert som ein slags marinade over grilla eller steikt kjøt.

Ramsløkpesto

[dropcap]R[/dropcap]amsløk er ei vårplante med store breie blad som luktar kraftig av kvitløk. Smaken er allikevel mildare enn vanleg kvitløk og gir ein fin smak i for eksempel pesto.

Glutenfrie pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er supert tilbehør til alle mulige slags rettar og er svært enkelt å lage. Desse blir store og mjuke og er eit supert alternativ dersom du har glutenallergi.

Hollandaise

[dropcap]H[/dropcap]ollandaise er ein av dei 5 store hovudsausane i den franske kokekunstens kjøken. Hollandaise er ein emulsjon av smør, eggeplommer og sitron (kvitvinseddik). Sausen passar perfekt til posjert egg, dampa grønsaker eller fisk.

Brokkolisalat med granateple & spekeskinke

[dropcap]B[/dropcap]rokkolisalat er ein spennande salat som passar like godt som hovudmåltid som tilbehør til kjøt-eller fiskerettar. Salaten har mellom anna sprø brokkoli, friske granateplekjerner, sprøsteikt spekeskinke og ein krema dressing med crème fraiche.

Glutenfrie nanbrød

[dropcap]N[/dropcap]anbrød er ei sjølvfølgje for meg når eg skal ha indiske rettar til middag. Varme nanbrød med smør på dyppa i ein god og krydra saus med indiske smakar er nydeleg godt!