[…]
Tilbehør
Tomatsalsa
[dropcap]T[/dropcap]omatsalsa eller tacosaus som det også kan kallast er det svært enkelt å lage sjølv heilt frå botnen av. Frisk smak av tomat, løk, chili og koriander som passar supert som tilbehør til ulike meksikanske rettar!
Glutenfri focaccia med oliven
[dropcap]D[/dropcap]et italienske brødet har blitt glutenfritt denne gongen og resultatet blei luftig og saftig brød. Focacciabrødet er lett å lage og smakar godt med masse oliven og rosmarin.
Heimelaga urtemajones
[dropcap]H[/dropcap]eimelaga majones er enklare å lage enn ein trur og smakar utruleg godt. Ved å tilsetje ferske urter får du i tillegg ein smakfull majones som du kan bruke på sandwich eller som tilbehør til ulike rettar.
Focaccia med ost & soltørka tomat
[dropcap]F[/dropcap]ocaccia er brød som ein aldri går lei og det passar som tilbehør til det meste. Her har brødet fått eit lokk av sprøsteikt ost og soltørka tomatar.
Glutenfrie potetlomper
[dropcap]I[/dropcap]kkje alle av oss er så heldige at vi tåler gluten og alle dei gode bakevarene ein kan lage. Potetlomper er sjølvsagt bakst til jul og er noko som er så godt at alle burde ete det. Desse er fri for gluten og kan derfor nytast av alle, utan at […]
Potetlefser
[dropcap]S[/dropcap]aftige og mjuke potetlefser er perfekte å bruke som tilbehør til spekemat, lutefisk eller til å fylle med ulike typar middagar. Her har heimelaga potetlomper og potetlefser også blitt brukt som lefse til tacoen med stor begeistring. Så har du lyst på god bakst til alle koldtbord og julemåltid i […]
Krydra bjørnebærsyltetøy
[dropcap]D[/dropcap]ette syltetøyet av bjørnebær er krydra med gode aromatiske krydder som stjerneanis, kanel og vanilje og er herleg både som pålegg på gjærbakst eller til dessertar og gode ostar.
Eplegelè med rosmarin
[dropcap]E[/dropcap]plegelè er nydeleg som tilbehør til ost og kjeks eller som pålegg på brødskiva. Dei norske epla gir ein herleg smak og ein nydeleg fin farge til gelèen, så her gjeld det å bruke epla medan ein framleis kan!
Urtesmørloff
[dropcap]N[/dropcap]år du skal ha tilbehør til ei god fiskesuppe, salat, spekemat eller anna er ein god heimebaka loff perfekt å servere. Denne fletteloffen er fylt med masse godt urtesmør med kvitløk og er luftig og saftig.