Ceviche med laks

[dropcap]C[/dropcap]eviche er ein slags salat av fisk og grønsaker som er marinert i sitrus og stammar frå Latin-Amerika. Min variant er laga med laks og er ein nydeleg og frisk rett som passar like bra som forrett, lunsj eller liten middag.

Dersom du er glad i sushi er ceviche garantert noko du vil like. Den rå fisken blir på ein måte “kokt” i sitron eller limejuice og får ein utruleg frisk og aromatisk smak. Saman med frukt og andre grønsaker og litt chili blir dette ein nydeleg smakfull smårett. Det som er viktig når du skal servere rå fisk er at du brukar så fersk fisk som mogleg og at du er nøyen med hygiene under tilberedning. I min rett har eg brukt skinn-og beinfri salmalaks som er ypperleg til denne typen rettar. Retten smakar nydeleg på rista brød og salte tortillachips eller servert i salatblad.

DSC_0369

[recipe-foody]Ingrediensar til ceviche for ca. 4-6 personar:

  • 300 g salmalaks, skinn-og beinfri
  • ½ mango
  • ½ stor avokado
  • ¼ rød chili
  • 1 vårløk
  • 2 ss fersk koriander
  • 1 sitron, saft & skal
  • 1 lime, safta
  • 1 ss sesamolje
  • 1 ss svarte sesamfrø
  • havsalt

Tilbehør:

  • rista brød/tortillachips
  • rucculasalat
  • litt fersk koriander

[/recipe-foody]

Start med å finkutte rød chili i så små bitar som du klarer og ha det i ei stor serveringskål. Kutt opp mango og avokado i terningar på ca. 1 cm størrelse. Skjær vårløken i tynne ringar og finhakk koriander. Ha alt saman i skåla og bland det godt saman. Riv det gule skalet på sitronen fint og ha det i skåla. Skvis deretter safta ut av sitronen og limen og ha det over alle grønsakene i skåla. Tilsett sesamolje og sesamfrø og bland saman. Til slutt skjærer du opp salmalaksen i små terningar på 1 cm og har den saman med resten av ingrediensane i skåla. Vend forsiktig alt saman slik at alt blir dekt av sitronsaft og smakane får fordelt seg. Dekk skåla med lokk eller plastfolie og la det marinere i kjøleskapet i ca. 1-2 timar før servering. Då skal laksen ha blitt litt lysare på farge og alle smakane har satt seg.

Strø over havsalt over cevichen og bland det saman. Fordel ceviche på rista brød med rucculasalat og topp med eit lite dryss finhakka koriander og eventuelt litt meir havsalt ved behov.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*