Chiagraut

DSC_0428

Morgen og frokosttid med ein kald kjøleskapsgraut du forbereder kvelden før. Eit litt annleis innslag til den vanlege havregrauten kanskje?

Chiafrø gir ein heilt annan konsistens enn du kanskje er vant med og kjenner ut som små gelèperler. Frøa svulmer opp i væske og får godgjere seg ved å stå i kjøleskap over natta. Dei bidrar også med ei rekke sunne næringsstoffer. Chiafrø har eit høgt innhold av omega 3-fettsyrer, protein og mineraler og bidrar også som kostfiber og er derfor godt for magen.

Det at du kan lage klar frokostgrauten kvelden før er supert for å spare både tid og grubling over kva ein skal finne på å lage når ein står der på morgenkvisten trøtt og har hastverk. Når det gjelder smaksvariasjonar kan ein tilsette den type bær ein ønsker, ekte kakaopulver for sjokoladesmak og du kan bytte ut melkeprodukta med ønska type yoghurt eller melk.

Ingrediensar til 1 porsjon chiagraut:

  • ½ dl melk
  • ½ dl mager kesam naturell
  • 100 g bær (her er det brukt blåbær, bringebær og jordbær)
  • 2 ss chiafrø
  • 1 ss havregryn
  • 1 ss akasiehonning
  • ½ ts vaniljepulver

Forslag til topping:

  • friske bær
  • honning
  • müsli/granola
  • havregryn
  • frø
  • fruktbitar

Ha alle bæra i ein stavmiksar saman med honningen og mos dei til ein purè. Ha så melk, kesam, chiafrø, havregryn og vaniljepulver i eit glas eller ei lita krukke med lokk og bland inn bærpurèen i blandinga. Sett så på lokket eller evt. plastfolie over og sett det i kjøleskapet over natta.

Neste morgen er det berre å ta ut glaset og strø over litt friske bær, müsli og honning om det er ønska topping. Enda bedre blir det også framover når dei norske bæra kjem i butikkane. Då får bærpurèen enda bedre smak enn dei litt bleike bæra som er å få butikkane no gir.

DSC_0440

Nyt frokosten og den gode starten på dagen!♥

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *