Chili con carne

DSC_0130

Denne smakfulle og sterke chiligryta er perfekt til kalde vinterdagar. I tillegg til å vere smakfull og aromatisk er chili con carne sunt og passar perfekt som kvardagsmat.

Chili con carne betyr «chili med kjøt» og kan lagast både med biffkjøt eller med kjøtdeig av forskjellige variantar. Denne utgåva er ganske standard og inneheld karbonadedeig av storfe, men her kan du variere med det du måtte ha tilgjengeleg. Styrken på gryta kan du også justere etter kor sterk du vil ha den ved å tilsette enten meir eller mindre chili, så her kan du prøve deg fram.

Ingrediensar til chili con carne for ca. 4 personar:

  • 2 ss olivenolje
  • 1 løk, finhakka
  • 2 fedd kvitløk, knuste
  • 1 liten rød chili, finhakka
  • 400 g karbonadedeig
  • 2-3 ss rødvin (evt. rødvinseddik)
  • ½ ts salt
  • 1 kanelstang
  • 1 laurbærblad
  • 2 ts paprikapulver
  • 1 ss tørka oregano
  • 1 ts spisskummen, malt
  • ½ ts chilipulver
  • 1 raud paprika, i terningar
  • 2 ss soltørka tomat, finkutta
  • 1 boks kidneybønner i chilisaus
  • 1 boks (400 g) hermetisert tomat
  • ½ boks maiskorn
  • 2 ss tomatpurè
  • 1 ss worcestershiresaus
  • 2 dl vatn
  • 1 ts brunsukker
  • nykverna svart peppar & evt. salt
  • rømme
  • fersk persille, til servering
  • tortillachips/brød

Varm opp oljen i ei steikepanne med høge kantar. Ha i løk, kvitløk og chili og la det surre til det blir mjukt og blankt. Ha i karbonadedeig og steik det til det har fått steikeskorpe på alle sider. Tilsett salt og rødvin og la det surre vidare eit par minutter. Deretter har du i kanelstang, laurbærblad, alt krydderet og paprikaen og lar det steike med i nokre minutter. Ha i soltørka tomat, chilibønner, hermetisert tomat, maiskorn, tomatpurè, worcestershiresaus og vatn og rør godt rundt. La blandinga koke opp. Ha i brunsukkeret og la gryta putre på svak varme i ca. 15 minutter. Smak til med nykverna svart peppar og eventuelt meir salt.

Server gryta med ein klatt rømme, litt fersk persille og tortillachips eller brød.

DSC_0112

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *