[dropcap]C[/dropcap]himichurri er ein kald saus med grøne urter og opphav frå Argentina. Sausen inneheld masse kvitløk, persille og olivenolje, og blir som oftast servert som ein slags marinade over grilla eller steikt kjøt.
Sausen er superenkel å lage og kan gjerne stå i kjøleskapet eit døgn før du skal bruke den slik alle smakar har sett seg. Prøv den gjerne saman med ein saftig biff, grilla kylling eller liknande.
[recipe-foody]Ingrediensar til eit lite glas chimichurri-saus:
- 30 g bladpersille (blada)
- 1 ¼ dl olivenolje
- 4 fedd kvitløk
- 1 stor raud chili
- 2 ss raudvinseddik
- 1 ss sitronsaft
- 1 ts tørka oregano
- 1 ss maldonsalt
- 1 ts chiliflak
- nykverna svart pepar
[/recipe-foody]
Finhakk persille og ha det i ei lita skål. Knus kvitløksfedda og finhakk raud chili så smått du klarer. Tilset saman med persillen og ha i olivenolje, raudvinseddik, sitron, oregano, chiliflak og salt. Smak til med svart pepar og juster eventuelt med meir sitron om det trengs. Ha sausen på tett glas og oppbevar i kjøleskap i opp til 2 vekers tid.
Nam! Så glad jeg oppdaget bloggen din. Veldig inspirerende.
Hei! Det er utruleg kjekt å høyre! 🙂 Ønsket er så klart å kunne inspirere andre også til matlaging, så håper du lar deg fortsette å bli inspirert!:)