Coq au vin

DSC_0043
Fransk gryte med kylling kokt i vin og kraft med sopp, bacon og sjalottløk. Det franske kjøkken slår til igjen!

Denne gryta er ganske så lik Boeuf Bourguignon (oppskrift her), men dei skiller seg allikevel litt frå kvarandre. Denne gryta har kylling i seg og ein god del kraft, som gjer at den er ei lettare gryte. Opprinneleg var denne retten tilberedt av Cæsar når han kriga mot gallerane som sendte han ein skrøpeleg kylling som ein beskjed om motstand. Cæsar kokte kyllingen i vin og urter og inviterte dei til å ete, som ein demonstrasjon på kor overveldande sofistikerte romerane var.

DSC_0049

Ingrediensar til kyllinggryte for 8 personar:

  • 2 × 1,3 kg heil kylling
  • 750 ml rødvin
  • 2 laurbærblad
  • nokre stilkar fersk timian
  • 3 ss tørka timian
  • 300 g bacon
  • 60 g smør
  • 20 sjalottløk
  • 400 g champignon
  • 1 ts olje
  • 30 g hvetemel
  • 1 l kyllingkraft
  • 125 ml cognac
  • 2 ss tomatpurè
  • 1 ½ ss smør, smelta
  • 1 ss hvetemel
  • fersk bladpersille
  • fersk timian, til servering
  • salt & peppar

Del kvar kylling i 8 delar; skjær ut brystfiletane med vingane festa på og del i to og skjær ut låra og del stykket i leddet ved kyllingklubba og lårstykket. Skroget på kyllingane kokar du kraft på ved å ha dei i ei stor panne saman med litt gulrot, løk og laurbærblad og fyller på med vatn så det akkurat dekker. La det stå og putre i 2-3 timar så har du god kraft til både gryta og til supper eller liknande.

Ha alle kyllingdelane i ein bolle saman med laurbærblad, timian, salt og peppar. Hell over rødvinen, dekk til og sett til marinering over natta.

Blansjer baconet i kokande vatn, tørk og sauter så i ei steikepanne til det er gyldent og legg til sides. Smelt ¼ av smøret i panna og ha i sjalottløk og steik til det er gyldent og legg til sides det også. Smelt enda ¼ av smøret og steik soppen saman med salt og peppar til den har fått farge. Legg så til sides saman med bacon og løk.

Tørk av kyllingen, krydre med salt og peppar og ta vare på marinaden. Ha resten av smøret og oljen i steikepanna og steik alle kyllingbitane på høg varme til skinnet har fått farge. Rør så inn dei 30 g hvetemel slik det dekker kyllingen. Ha kyllingen over i ei stor jerngryte med lokk og tilsett krafta. Ha cognac i steikepanna som fortsatt står over varmen og rør i 30 sekunder for å deglasere panna. Hell det så over kyllingen og tilsett også marinaden, løk, sopp, bacon og tomatpuré. Legg på lokket på panna og la det heile småputre på svak varme i ca. 45 minutter eller til kyllingen er gjennomkokt.

Om du synest sausen er for tynn kan du ta ut grønsakene og kyllingen og koke opp sausen. Bland saman det smelta smøret og 1 ss hvetemel og ha det i sausen og la det heile koke i 2 minutter under omrøring til det tjuknar. Ha grønnsakene og kyllingen tilbake i gryta og ha i fersk bladpersille og timian. Smak til med salt og peppar ved behov.

DSC_0050

Server gryta saman med godt brød og litt grønt ved sidan av. Perfekt helgekos og gjestemiddag!

DSC_0038

Oppskrifta til denne retten har eg funne i boka «The food of France», men har gjort litt små endringar på for å tilpasse eigen smak.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *