Couronne med chèvre, rosmarin & spekeskinke

DSC_0492

Sprø skorpe, mjuk smelta chèvre, aromatisk rosmarin, herleg salt skinke og lunt og luftig brød. Navnet couronne betyr «krone» på fransk og er ganske beskrivande for utsjånaden på denne brødkransen. Brødet kan lagast både som søt og salt variant og er ein fin måte å bruke opp restar av for eksempel pålegg på. Her er brødet fylt med deilig geitost, fersk rosmarin og restar av spekeskinke frå jula.

Brødet inneheld lite gjær og kan derfor trenge litt ekstra tid til heving. Sjølve deiga blir smidig og fin å jobbe med og på grunn av smøret og egget får du ein fin smak og tekstur både inni og utanpå brødet. Dersom du ikkje er glad i geitost byttar du berre ut med ein annan type ost og valg av ferske urtar kan du også variere slik du ønskar. Rosmarin og timian synest eg funkar spesielt godt saman med slike franske ostar.

DSC_0497

Ingrediensar til 1 fylt couronnebrød:

Brøddeig:

  • 200 g hvetemel
  • 130 g sikta speltmel
  • 6 g salt
  • 15 g fersk gjær
  • 160 g heilmjølk (ca. 1 ½ dl)
  • 1 egg
  • 60 g smør, romtemperert

Fyll:

  • ca. 180 g lagra chèvre
  • 2-3 stilkar fersk rosmarin
  • 60-70 g spekeskinke

Bland saman hvetemel, speltmel, salt og gjær i ein bolle og smuldre inn gjæren i melet. Tilsett heilmjølk og egg og elt deiga i kjøkkenmaskin i nokre minutter. Tilsett deretter det romtempererte smøret og elt deiga vidare i ca. 5-7 minutter på lav hastigheit, til du får ei glatt og smidig deig. Du kan også elte deiga for hand. Då rører du berre inn det våte og smøret og strør mel på kjøkkenbenken før du knar og eltar deiga godt i 5-8 minutter. Dekk bollen med plastfolie og sett til heving på ein lun stad i ca. 2 timar, eller til deiga er dobla i størrelse.

Forvarm steikeovnen til 210 ºC. Strø hvetemel på kjøkkenbenken og hell deiga ut på benken. Kjevle deiga ut til eit rektangel på ca. 25 cm x 35 cm.  Skjær chèvreosten i skiver og smuldre dei deretter utover heile rektangelet. Strø fersk rosmarin over heile og legg deretter spekeskinke utover slik det dekker heile rektangelet, men står igjen ca. 1 cm frå kanten. Brett inn kanten på deiga  langs langsida og rull deiga tett saman til ei avlang pølse. Legg rullen på eit bakepapirkledd steikebrett. Bruk ein skarp brødkniv med taggar og skjær rett igjennom deiga på midten langs heile lengda slik du delar pølsa i to lange sider. No kan det hende at fyllet vil dette litt utover, men då er det berre å trykke på plass igjen. Fest saman endane og flett delane saman slik du får ein snurr. Fest endane saman slik du får ein rund krans som heng saman. Sett til etterheving på ein lun stad i ca. 45-60 minutter.

DSC_0517

Steik brødet midt i ovnen i ca. 22-25 minutter, til brødet er ganske gyldent på farge og har fått ei sprø skorpe. Avkjøl litt på rist og server deretter brødet medan det fortsatt er lunt. Server gjerne saman med salat og ringle over ein liten dråpe akasiehonning på toppen av brødet for ein ekstra god smaksopplevelse.

DSC_0499

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *