Crème brûlée-terte med earl grey

[dropcap]D[/dropcap]enne dessertkaka er ein kombinasjon av to store favorittar hos meg, terte og crème brûlée. Når du ikkje klarer bestemme deg for kva du har mest lyst på av sprø tertedeig eller ein porsjon med krema dessertpudding, så kan ein slå to floger i ein smekk og lage begge delar i eitt.

Terta har ein sprø botn som smular seg opp heilt perfekt når du stikk ein gaffel i den. Fyllet er akkurat som ein crème brûlée skal vere – fast i kantane, krema og dissande blaut i midten og eit sprøtt lokk av karamellisert sukker på toppen. I tillegg har denne terta fått eit hint av earl grey-te i fyllet som gir ein herleg ettersmak og gir sukkersmaken litt karakter. Om du ikkje er glad i earl grey kan du fint droppe det eller eventuelt erstatte med ein annan smak du likar.

DSC_0023

[recipe-foody]Ingrediensar til crème brûlée-terte for ca 8 personar:

Søt tertedeig:

  • 350 g kveitemjøl
  • 1 klype salt
  • 150 g smør, kaldt & i terningar
  • 90 g melis
  • 2 middels store egg

Fyll:

  • 1 ½ dl heilmjølk
  • 3  ½ dl fløte
  • 3-4 poser earl grey-te
  • 1 vaniljestang, frøa
  • 110 g sukker
  • 100 g eggeplommer
  • 1 klype salt
  • nokre ss sukker, til karamellisering

[/recipe-foody]

Lag tertedeiga etter framgangsmåten i dette innlegget og legg til avkjøling i kjøleskapet. Kjevle deretter ut deiga til ein sirkel på ca. 3-5 mm tjukkelse og trykk deiga forsiktig ut i ei terteform med laus botn på ca. 24 cm. Kutt av det overflødige av deig som stikk ut frå kantane, men la deiga komme godt opp på sidene av forma. Prikk deiga med ein gaffel og sett forma inn i kjøleskapet og avkjøl i ca. 15 minutter. Restane av deiga kan du bruke til å lage små terter i miniformer eller du kan fryse den ned godt innepakka i plast og bruke ved ei seinare anledning.

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Legg bakepapir over tertedeiga og fyll med tørka erter eller liknande og blindsteik terta midt i steikeovnen i ca. 12 minutter. Fjern deretter ertene og bakepapiret og la tertebotnen steike vidare i ca. 10 minutter ekstra. Avkjøl terta medan du lagar fyllet. Dersom du vil lage små porsjonsterter kjevlar du ut deiga som til den store terta og trykker ut deiga i små terteformer på ca. 9 cm og blindsteik dei i ca. 7 minutter og deretter uten erter i ca. 5 minutter til.

DSC_0005

Skru ned ovnstemperaturen til 150 ºC. Ha mjølk og fløte i ein kjele saman med te-posane og la det få eit forsiktig oppkok. Trekk kjelen frå plata og la det stå og trekke i ca. 15 minutter. Ha eggeplommer, sukker og frøa frå vaniljestanga i ein bolle og pisk det lett til det blir litt lysare på farge. Rør deretter inn saltet. Klem ut væska frå teposane og fjern frå kjelen. Varm opp igjen fløteblandinga på middels temperatur til det når kokepunktet. Hell ¼ av den varme væska over i eggeblandinga samtidig som du piskar godt slik det ikkje koagulerer. Hell deretter litt og litt av væska i egga medan du framleis rører rundt. Sett terteforma i ei stor langpanne og sikt deretter crème brûlée-fyllet over i tertebotnen til det når omtrent heilt opp til kanten. Sett brettet forsiktig midt i steikeovnen og la terta steike i ca. 25-30 minutter, til fyllet framleis dissar lett i midten og har stivna på overflata og ut i kantane. Dersom du lagar porsjonsterter lar du dei steike med fyllet i ca. 15-20 minutter. Avkjøl i langpanna før du setter terta i kjøleskapet i minst 2 timar eller til den er heilt kald.

Rett før servering strør du på eit lag med sukker og brukar ein crème brulee-brennar til å karamellisere sukkeret til du får eit sprøtt lokk på terta. Server med friske bær eller frukt og gjerne ein kopp te.

DSC_0029

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*