Den store epledagen

[dropcap]I[/dropcap] dag er det den store epledagen her i Noreg. Dagen har blitt feira sidan 1990 då Opplysningskontoret for frukt og grønt etablerte denne markeringa. På slik ein dag passar det då med mange alternativ til kva ein kan bruke eplet til i matlaginga. Her får du nemleg nokre av mine favorittar med epler!

Eple er av dei mest spiste fruktene her til lands og det er nok ikkje utan grunn. Dei norske eplene smakar ekstra godt og akkurat no bugnar det av dei både i hagane og på butikkane. Epler er friske å ete akkurat som dei er, men smakar også godt i både salte og søte rettar. Her er mine topp ti oppskrifter med den gode frukta! Oppskriftene finn du ved å trykke på linken på namnet eller ved å søke opp “eple” i arkivet!

  1. Kvit pizza med eple, spekeskinke & smørstekt fennikel

DSC_0521

Ein skikkeleg god pizza med kvit crème fraîche-saus, friske epler og salt spekeskinke er absolutt verdt å prøve seg på. Ein av mine favoritt pizza-oppskrifter!

2. Eplekrydderkake med karamellfrosting

DSC_0295

Dette er ei utruleg saftig kake med epler, krydder og ein krem av kremost og karamell som du blir hekta på. Søtt, krydra og syrleg!

3. Kylling med epler i kvitvinskraft

DSC_0853

Denne gryta med kylling med sprøtt skinn, epler og ein mild og aromatisk kvitvinskraft blir du garantert positivt overraska over. Desse smakane harmonerer perfekt saman og smakar nydeleg etter mi meining.

4. Eplepai

DSC_0726

Kva er vel haust utan eplepai?! Denne høyrer med på menyen kvart einaste år.

5. Granola med epler og kanel

DSC_0974

Heimelaga granola med smak av epler og kanel er snadder på toppen av ein klatt yoghurt til frukosten.

6. Potet-og eplepizza

dsc01000

Ein superenkel og smakfull pizza med norske poteter og epler. Herlig enkelt og herlig godt!

7. Tarte tatin 

DSC_0127

Ei liste over favorittrettar med epler er ikkje komplett utan ei oppskrift på tarte tatin. Denne franske klassikaren med sprø tertedeig og karamelliserte seige og søte epler er perfekt dessert.

8. Spekeskinkesurra kyllingbryst fylt med brie, eple & basilikum

DSC_0516

Her snakkar vi skikkeleg saftig kyllingmiddag med søte og friske epler, salt spekeskinke og smelta brie!

9. Epleroseterte med vaniljekrem

h4emcl3qswe05s6dr8gjq_thumb_6221

Denne terta kan du fint servere på bordet når du har gjestar. Dekorativ, smakfull og nydeleg.

10. Røstipotetkake med epledressing & røykalaks

DSC_0077

Denne retten passar fint både som forrett, lunsj eller ein liten middag. Her får du gode råvarer som dei fleste har i hus satt saman til eit flott lite måltid.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*