Dulce de leche fondant

DSC_0346

Sjokoladefondanten er vel ein kjend og kjær dessert for dei aller fleste. Denne fondanten både ser ut som og har same konsistensen som ein sjokoladefondant, men inneheld ikkje sjokolade i det heile tatt. Fondanten er laga av krema og karamellaktig dulce de leche og har ein mild karamell-og smørsmak med eit snev av havsalt.

Desserten er utruleg enkel å lage og krever kun at du har ei boks med dulce de leche ståande klar på førehand. Dulce de leche er ein karamellaktig krem som du får av å koke ei boks søta kondensert mjølk på lav varme i nokre timar. Framgangsmåten får du i dette innlegget. Den mektige karamellsmaken frå desserten smakar nydeleg saman med friske bær som for eks. bringebær og gir ein perfekt kombinasjon av søtt og syrleg.

DSC_0353

Ingrediensar til dulce de leche-fondant for 6 personar:

  • 100 g smør
  • 300 g dulce de leche
  • 2 eggeplommer
  • 2 egg
  • 2 ss sukker
  • ½ ts havsalt
  • 2 ss kveitemjøl (ca. 30 g)

Tilbehør:

  • ferske bringebær
  • melis
  • sitronsaft

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Smør 6 ramekinformer på ca. 9 cm (15 cl) med smør og strø med kveitemjøl.

Smelt smøret i ein kjele over lav varme. Bland inn dulce de leche til du får ei jamn masse. Pisk eggeplommer, egg og sukker luftig i ein bolle i ca. 2 minutter, til det doblar seg i volum. Hell dulce de leche-og smørblandinga over i egga og bland det godt saman. Sikt deretter inn salt og kveitemjøl og rør til du har ei glatt røre. Fyll ramekinformene ca. ¾ fulle med røre slik det står igjen ca. 1 cm opp til kanten. Sett inn i steikeovnen og la steike i ca. 8- 8 ½ minutt. Her vil steiketida variere frå steikeovn til steikeovn, så prøv deg fyrst fram med ein fondant for å sjå kor lang tid du treng. Avkjøl fondantane i formene i ca. 10 minutter før du snur dei oppned på eit fat.

Kjør bringebær til purè i ein stavmiksar og smak til med melis og sitronsaft. Server fondant saman med bringebærpurè og gjerne nokre heile bær. Har du lyst på noko som knasar saman med den mjuke desserten kan du drysse over karamelliserte og hakka nøtter.

DSC_0349

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *