Dulce de leche (karamell)

DSC_0588

Denne typen karamell er kanskje den aller enklaste du kan lage og krever minimalt med arbeid. Den er rett og slett laga av søta kondensert mjølk som er kokt på lav temperatur og smakar nesten litt prim-eller brunostaktig.

Denne karamellen treng knapt nok ei oppskrift sidan den er så enkel, men sjølv om mange no har laga dette i fleire års tid er det nok framleis mange som ikkje har prøvd det. Smaken er ikkje heilt som vanleg karamell og har ein litt meir krema konsistens. Dulce de leche kan du for eksempel bruke som pålegg på brødskiva, som topping på graut, i kaker og bakverk og som fyll i konfekt. Husk berre på at du ikkje kan bruke vikingmjølk som er usøta for å lage dette.

Framgangsmåten for å lage dulce de leche er rett og slett ei boks med søta kondensert mjølk som du tek av papiret rundt på og kokar den uopna boksa. Legg den vannrett i ein kjele og fyll på med vatn til det dekker ca. ²⁄³ av boksa. La vatnet koke opp og skru deretter ned på lav varme og la det småputre i ca. 2 ½ time. Etterfyll med vatn etter behov ca. 1-2 gongar under koketida slik at det heile tida står igjen like mykje av boksa over vatnet. Når det er ferdig kokt trekk du det frå kjelen og skyller boksa under kaldt vatn og lar den stå på benken og avkjøle seg før du åpnar.

DSC_0590

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *