Kvit karamellisert sjokoladeiskrem

DSC_0683

Heimelaga iskrem er noko av det beste med sommaren. Is er lettvint dessert og fell alltid i smak hos dei aller fleste.

Isen smakar hundre gongar bedre om du lagar den sjølv enn dei ein får kjøpt på dagligvarebutikken og ein kan også velge smakskombinasjonar heilt etter eige ønske. Denne isen her er laga på ein type kvit sjokolade i sjokolademerket Valrhona, men du kan fint lage den karamelliserte sjokoladen sjølv.

DSC_0673

Iskremen har ein kremete og fyldig smak som passar perfekt saman med dei litt salte og krydra Digestivekjeksa. Kombinasjonen er uslåelig! Det er nok ikkje utan grunn at denne iskremen har blitt favoritt blant fleire som har testa iskremsmakar her i heimen.

Ingrediensar til ca. 1 ½ l ferdig iskrem:

Dulcey-iskrem:

  • 200 g Dulcey Valrhona sjokolade (evt. kan du benytte karamellisert kvit sjokolade etter framgangsmåte her)
  • 200 g eggeplommer
  • 120 g sukker
  • 1 vaniljestang, frøa
  • 6 dl fløte
  • 6-8 Digestivekjeks, knuste (valgfritt)

Tilbehør:

  • ferske bær
  • bærcoulis
  • kjeks
  • sjokolade

Finhakk sjokoladen  og ha den i ein bolle og sett den over vannbad på lav varme til sjokoladen smeltar og når ein temperatur på ca. 45 ºC. Husk på at bollen ikkje skal vere i kontakt med det putrande vatnet.

Pisk eggeplommer, sukker og frø frå vaniljestanga til tjukk eggedosis. Ha den 45 ºC varme sjokoladen i eggedosisen og pisk kraftig. Pisk fløten til krem og ha så ein tredjedel av kremen over i eggedosisblandinga og pisk kraftig igjen til alt er godt blanda. Vend så forsiktig inn resten av kremen i blandinga slik at du beheld lufta i kremen.

Ha iskremblandinga over i ein passande beholder eller boks/form og sett i frysaren. Rør rundt i isen ca. 2-3 gongar i timen til isen er fryst, slik du unngår iskrystallar. Rett før isen er heilt fryst kan du tilsette kjeksbitar om du ønsker å ha det i iskremen eller berre behalde den heilt enkel.

Server iskremen gjerne saman med ferske blåbær eller andre typar bær, hakka sjokolade, kjeksbitar eller bærsaus.

DSC_0672

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *