Earl Grey cookies

DSC_0870

Desse små, søte og seige kjeksa har ein interessant smak som du ikkje heilt klarer sette fingeren på kva er for noko før du får vite kva dei inneheld. Smaken kjem sigande etter kvart som du et og gir ein liten smak av England og frukost.

Seige cookies er noko eg aldri går lei av og sidan ein kan variere i det uendelege med både smak og innhold er det stadig like godt å sette tenna i ein cookie eller to. Eit krav for at du skal like akkurat denne typen er vel det at du likar te i det store og heile, for denne smaken kjem du ikkje utanom. Kjeksa innheld også bitar av søt kvit sjokolade som passar fint saman med den aromatiske tesmaken.

DSC_0865

Ingrediensar til ca. 22-23 cookies:

  • 2 ss earl grey te, i løsvekt (evt. frå tepose)
  • 250 g smør
  • 150 g sukker
  • 150 g demerarasukker
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 1 stort egg
  • 200 g hvetemel
  • 150 g fullkornsmel
  • ½ ts natron
  • ½ ts salt
  • 100 g kvit sjokolade, i små bitar

Ha earl grey-te i ein morter eller stavmikser og knus til det er fint pulver. Rør smør, sukker, demerarasukker, vaniljeekstrakt og earl grey-tepulver mjukt i ei kjøkkenmaskin. Tilsett egget og bland det godt inn i deiga. Tilsett alt det tørre litt om gongen og bland det saman til alt er innblanda i deiga. Ha i den kvite sjokoladen og bland saman raskt. Sett deiga kaldt i kjøleskapet i 1-2 timar eller gjerne over natta.

DSC_0859

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Ta ca. 2 ss med deig pr. kjeks og form til runde kuler. Sett på bakepapirkledd steikebrett med god avstand mellom kvar og steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutter, til dei er blitt lett gyldne i kantane og fortsatt mjuke i midten. Avkjøl på rist til dei er stivna.

DSC_0851

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *