Earl Grey-vafler

DSC_0733

Desse søte vaflene med eit hint av Earl Grey-te toppa med ferske skiver av pærer og vaniljeyoghurt blei helgefrukosten her i huset i dag. For i helga er vel alt lov?

Earl Grey-te kan fort bli for skarp og litt bitter på smak om det blir for mykje, men her får du fram akkurat passe mengde som gir ein aromatisk og søtleg smak. Vaflene er ikkje av det mest usunne slaget då dei inneheld litt havremel, men er allikevel like gode til kaffekosen som til helgefrukosten. Den milde og søte smaken av pærer saman med vaniljeyoghurt og den aromatiske Earl Grey-tesmaken harmonerer perfekt. Prøv også den fine kombinasjonen av bjørnebær og pærer som er nydelege saman.

DSC_0742

Ingrediensar til ca. 10 vaffelplater:

  • 8 dl heilmjølk
  • 4 posar Earl Grey-te
  • 3 dl hvetemel
  • 3 dl havremel
  • 1 ½ dl sukker
  • 2 ts bakepulver
  • 2 ts vaniljesukker
  • 1 ts salt
  • 2-3 ts Earl Grey- te i løsvekt (evt. bruk te frå pose)
  • 80 g smør, smelta
  • 4 egg

Tilbehør:

  • pærer
  • bjørnebær
  • vaniljeyoghurt/yoghurt naturell
  • evt. mandelflak

Ha mjølka i ein kjele saman med teposane og varm opp til mjølka nesten når kokepunktet. Trekk deretter kjelen frå varmen og la det stå og trekke i ca. 15 minutter slik du får fram den gode te-smaken. Bland saman hvetemel, havremel, sukker, bakepulver, vaniljesukker og salt i ein bakebolle. Knus dei 2-3 ts med Earl Grey-te til fint pulver og bland inn i det tørre. Klem ut mjølka frå teposane og tilsett mjølka og det smelta smøret i melblandinga og rør godt til du får ei klumpfri røre. Rør deretter inn egga til du får ei glatt røre og sett til sides i ca. 10 minutter slik røra får svelle litt.

Varm opp vaffeljernet og smør med litt smør før du steiker vaflene. Server vaflene lunka saman med nokre skiver pære, bjørnebær, ein klatt yoghurt og gjerne litt mandelflak om du vil.

DSC_0739

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *