Eltefri surdeig-baguette

8xfw4JkXQdarUAFpoO1bxQ_thumb_75b9
Fersk fransk surdeig-baguette med sprø skorpe og ein klatt smør er nydeleg å setje tennene i. Enten du et den som den er med godt smør eller brukar til lunsj med masse godt pålegg, så er det absolutt verdt å vente på at surdeiga skal bli klar for å få smake.

Ein god baguette er eit must til gode sandwich og som tilbehør til ulike rettar. Deiga til desse er eltefri og forholdsvis enkel å lage. Smaken er nydeleg med den lett syrlege karakteren frå surdeiga og saftig innmat med sprø skorpe. Å lykkjast med surdeig gir kjensle av mestring og eit nydeleg godt resultat. Om surdeiga er aktiv og klar finn du lett ut ved å helle litt av den boblande surdeiga oppi eit glas vatn. Dersom surdeiga flyt på toppen er den klar.

ft2SYRNcQhKRnVWRxG7+bg_thumb_75bd

LnXOVy8HTRiSYghI1tle6w_thumb_75c3

Ingrediensar til 3 baguette:

  • 2 dl aktiv surdeig (etter oppskrift her)
  • 4 dl vatn, romtemperert
  • 5 dl kveitemjøl
  • 3 dl fullkornsmjøl
  • 1 ts salt

Hell vatnet i ein bakebolle og tilset surdeiga. Rør godt ut. Ha i mjøl og salt og bland godt saman med ein gaffel eller tresleiv til du har ei passe fast og klissete deig. Juster etter behov for å få rett konsistens. Dekk bollen med plastfolie og lat stå på kjøkenbenken i minimum 12 timar og gjerne over natta.

Når deiga har fått stå og heve seg opp til ca. dobbelt volum er den klar. Strø eit godt lag med kveitemjøl på benken og hell deiga ut. Bruk ei deigskrape og brett deiga inn mot midten slik du dreg med litt av mjølet slik det ikkje klistrar for mykje. Brett deiga saman og form til ein rund ball. Dekk med eit handklede og lat stå på benken i ca. 1 times tid. Deretter deler du deiga i tre like store emne som du forsiktig former til avlange baguette som har lengda til eit steikebrett. Brett og strekk deiga når du former slik du ikkje knar ut for mykje luft. Set baguettane på eit linklede med mjøl og dra opp stoffet mellom kvar baguette slik du får støtte på sidene av kvart brød (for å unngå at dei hevar seg flate). Dekk med eit nytt klede over og lat heve i ca. 45 minutt. Medan dei står til heving set du eit steikebrett i omnen og forvarmer til 250 ºC.

Når baguettane er klar for steiking tek du ut det oppvarma brettet frå omnen og strør eit lag mjøl på det. Flytt forsiktig baguettane over på brettet og snitt dei nokre gonger med ein skarp kniv. Set midt i omnen. Set inn eit brett nederst i omnen og hell nokre desiliter kaldt vatn oppi for å danne damp. Lat raskt att døra og steik i 5 minutt. Deretter skrur du ned varmen til 230 ºC og steiker vidare i ca. 25 minutt, eller til brøda er gyldne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og nyt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *