Eltefrie femkornsrundstykker

[dropcap]E[/dropcap]in super måte å få i seg meir frø og korn på er å tilsette det i eltefrie brød og rundstykker. Då får du saftig og god brødmat med knasande konsistens som i tillegg gir magen noko å jobbe med. Desse eltefrie rundstykka blir luftige med god nøtteaktig smak frå frø og kjerner.

I opskrifta har eg brukt ei ferdig femkornsblanding som består av heilkorn av kveite og rug, solsikkefrø, linfrø og sesamfrø. Dersom du ikkje finn slik blanding på butikken kan du kjøpe dei fem forskjellige slaga og blande saman sjølv. Blandinga eg brukte kan tilsettast rett i deiga uten blautlegging, sjølv om det ikkje vil vere av like stor betydning sidan deiga står i mange timar uansett. Deiga inneheld for det meste lyst kveitemjøl, så dersom du vil ha grovare rundstykker kan du for eks. bytte ut noko av det med litt sammalt kveitemjøl og justere mengda med vatn deretter.

DSC_0955

DSC_0954

[recipe-foody]Ingrediensar til 12 stk store rundstykker:

  • 10 dl kveitemjøl
  • 3 dl sammalt speltmjøl
  • 2 ¾ dl femkornsblanding (heilkorn av kveite, heilkorn av rug, solsikkefrø, sesamfrø, linfrø)
  • 2 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 7 dl vatn

[/recipe-foody]

Bland raskt saman alle ingrediensane i ein bolle til du har ei fast og klissete deig og strø eit lag med kveitemjøl på toppen. Legg på lokk eller dekk med plastfolie og la stå på kjøkkenbenken i minst 8-10 timar.

Når deiga er ferdig heva sett du ein pizzabakestein eller steikebrett inn i kald ovn på midterste rille og varmar opp til 240 ºC. Strø eit lag kveitemjøl på kjøkkenbenken og skrap ut deiga frå bollen. Form deiga til ei avlang pølse og strø litt meir mjøl på toppen. Bruk ei deigskrape og del opp deiga i 12 emner som du forsiktig brettar saman til runde/ovale rundstykker. Strø litt meir kveitemjøl over dei dersom det klistrar ein del. Legg over eit kjøkkenhandklede og la rundstykka kvile i ca. 20 minutter.

Strø litt mjøl på den varme pizzasteinen og sett rundstykka på steinen med litt avstand mellom kvar av dei. La dei steike i ca. 16-18 minutter, til dei er sprø og gyldne på toppen. Avkjøl på rist.

DSC_0939

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*