Eltefrie havrerundstykker

st9WGwimSFC23VaC8JGk1g_thumb_6ad2

Nysteikte og varme rundstykker med godt smør på er den perfekte start på ein ny dag. Med eltefrie rundstykker kan du enkelt få det utan mykje arbeid eller å bruke fleire timar på morgenkvisten. Desse inneheld havremjøl og havregryn som gir ein saftig og nøtteaktig smak.

Deiga til eltefrie rundstykker rører du saman kvelden før på kun få minutt og så er det berre å setje på steikeomnen neste morgon så er det meste av jobben gjort. Så enkelt og så godt!

5tnuuCJlRcWsWIYoA72dsw_thumb_6acf

+jGhlh5dQW6v7pZOGNVCJw_thumb_6aed

Ingrediensar til 10 stk. havrerundstykker:

  • 4 dl kveitemjøl
  • 5 dl havremjøl
  • 2 dl havregryn
  • 2 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 4 ½ dl vatn

Kvelden før du skal lage rundstykka blandar du saman alle ingrediensane i ein bolle til du har ei fast og klissete deig. Dekk bakebollen med plastfolie og la stå på kjøkenbenken til neste dag (minimium 8 timar).

Forvarm steikeomnen til 240 ºC med eit steikebrett eller ein pizzastein  inni.

Strø litt mjøl på benken og hell deiga ut av bollen. Del opp i ca. 10 like store emner som du forsiktig formar til runde rundstykker utan å trykke ut all lufta. Strø gjerne ekstra mjøl på toppen slik at dei ikkje klistrar seg saman. La dei ligge på benken og dekk med eit kjøkenhandklede medan omnen blir varm (ca. 15-20 minutt). Strø litt mjøl på det varme steikebrettet og plasser rundstykka oppå. Set midt i omnen og la steike i ca. 18-20 minutt, til rundstykka er blitt sprø og gyldne. Avkjøl på rist og nyt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *