Eltefrie rundstykker med brunost & valnøtter

DSC_0580

Dei eltefrie rundstykka har blitt fast innslag i vekesmenyen hos meg og får stadig ein ny smak eller mjøltype. Denne gongen er det eltefrie rundstykker med ei blanding av speltmjøl og kveitemjøl med valnøtter og reven brunost i deiga. Smaken av rundstykka blir svakt søt med eit lite hint av  brunost og knasande bitar av valnøtter.

Har du enda ikkje gått til innkjøp av ein pizzabakestein vil eg verkeleg anbefale deg å gjere det. Min bakestein blir brukt fleire gongar i veka og gir super bakst og sprø skorpe til både rundstykker, brød og pizzabotnar. Så om du er glad i god bakst og likar sprø skorpe så gir den investeringa verkeleg god avkasting for dei få kronene det faktisk kostar.

DSC_0569

DSC_0562

Ingrediensar til 12 stk eltefrie rundstykker med brunost & valnøtter:

  • 8 dl kveitemjøl
  • 5 dl sammalt speltmjøl
  • ¾ dl valnøtter, grovhakka
  • 100 g gudbrandsdalsost, grovt reven
  • 2 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 7 dl vatn

Ha alt det tørre i ein bakebolle og bland det godt saman. Tilsett deretter gudbrandsdalsost og vatn og rør godt rundt til du får ei fast og klissete deig. Dekk bollen med lokk eller plastfolie og la stå på kjøkkenbenken over natta eller minst 8-10 timar.

Sett ein pizzabakestein eller eit steikebrett inn i kald ovn og forvarm steikeovnen til 240 ºC. Strø eit godt lag med kveitemjøl på kjøkkenbenken og hell deiga ut av bakebollen. Brett deiga saman nokre gongar slik at du dreg med ein del mjøl og deiga sluttar å klistre for masse. Dei deiga i 12 like emner og form dei forsiktig til rundstykker utan at du trykker ut all lufta og gjer dei kompakte. Strø litt kveitemjøl på toppen og legg eit kjøkkenhandklede over alle rundstykka. La dei kvile på benken i ca. 20 minutter, til ovnen er god og varm.

Strø eit lite lag mjøl på bakesteinen og sett rundstykka på den varme steinen med litt avstand mellom kvar. La rundstykka steike midt i ovnen i ca. 17-18 minutter. Avkjøl på rist.

Rundstykka smakar nydeleg med ei skive brunost og mildt syltetøy som for eks. multe. Nyt!

DSC_0557 2

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *