Eltefrie rundstykker med solsikkefrø

[dropcap]D[/dropcap]å var påskeveka i gong og mange har fri og tid til lange gode frukostar. Då er nystekte rundstykker rett frå steikeovnen herleg å sette på frukostbordet og nyte saman med godt pålegg. Desse superenkle og eltefrie rundstykka med solsikkefrøkjerner er gode på smak og gir garanti for ein god start på dagen.

Rundstykkedeiga er som med alle andre eltefrie brødoppskrifter her på bloggen, av typen du rører saman på nokre få minutter kvelden før og lar heve over natta. Så er det berre å varme opp ein pizzabakestein eller steikebrett i ovnen og vente. Desse rundstykka inneheld solsikkefrø, men dersom du har ein annan frøfavoritt er det berre å erstatte med det eller evt. droppe det om du er av dei som ikkje likar heile frø i brødet.

DSC_0079

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 12 stk eltefrie rundstykker:

  • 9 dl kveitemjøl
  • 4 ½ dl fullkornsmjøl
  • ¾ dl solsikkefrøkjerner
  • 3 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 6 ½ dl vatn

[/recipe-foody]

Bland saman alt det tørre i ein bakebolle og tilsett vatnet. Rør godt rundt til du har ei klissete og samanhengande deig. Dekk bollen med plastfolie og la heve over natta eller i minst 8-10 timar.

Neste morgon sett du inn ein pizzastein eller eit steikebrett utan bakepapir i kald ovn og forvarmar deretter ovnen til 240 ºC. Strø eit godt lag med kveitemjøl på kjøkkenbenken og hell deiga utover. Bruk ei deigskrape og brett deiga inn mot midten samtidig som du dreg med ein del av mjølet og samlar deiga slik den ikkje er klissete lenger. Form deiga til ei avlang pølse og del opp i 12 like store emner. Strø meir kveitemjøl på benken og over deiga om nødvendig og form kvart emne forsiktig til eit rundstykke. Dekk med eit kjøkkenhandklede og la dei kvile på benken i ca. 20 minutter.

Strø eit lag med kveitemjøl på den varme pizzasteinen og legg rundstykka forsiktig over på steinen og la dei steike i ca. 18 minutter midt i steikeovnen. Rundstykka er ferdige når dei er sprø og gyldne på toppen og lagar ein hul lyd når du bankar på dei. Avkjøl på rist.

DSC_0078

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*