Eltefrie småbrød med jalapeño & manchego

[dropcap]D[/dropcap]esse brøda er for deg som likar sterk mat og smelta sprø ost. Brøda passar perfekt saman med supper eller som tilbehør til salat, eller gjerne slik dei er med ein god klatt smør.

Eg elskar bakst med ost i og smaken av den litt gyldne og sprøsteikte osten saman med sprø brødskorpe er snadder. Brøda passar perfekt saman med for eksempel ei mild tomatsuppe eller saman med gryter eller salat. Heilt nysteikte med ein raus klatt med smør på er dei også nydelege akkurat slik dei er. Deiga er eltefri og den rører du som vanleg saman kvelden før eller minimum 8 timar før du skal bake ut.

Manchego er ein spansk fastost av sauemjølk frå La Mancha-regionen i Spania som originalt skal modnast i minimum 60 dagar eller opp til 2 år. Osten har ein fast konsistens med smuldrete tekstur og ein sterk aroma med litt søt og pikant smak. På mange måtar kan den nok minne om ein slags spansk versjon av Italia sin parmesan. Osten er utruleg god og eignar seg godt til tapas og saman med brød og marmelade.

jdKrwI8yQhSytEc+GBdhtQ_thumb_7034

LpAfL8RVSSqEcHkeuIOVAw_thumb_7040

[recipe-foody]Ingrediensar til 2 småbrød:

  • 8 dl kveitemjøl + ekstra til utbaking
  • 2 ts salt
  • ½ ts tørrgjær
  • 3 ¾ dl romtemperert vatn
  • 1 neve jalapeño
  • ca. 100 g manchego, riven

[/recipe-foody]

Rør saman kveitemjøl, salt, tørrgjær og vatn i ein bolle. Dekk bollen med plastfolie og lat stå på kjøkenbenken over natta eller i minimum 8-10 timar.

Neste dag set du eit steikebrett eller ein pizzastein inn i kald omn og forvarmar til 240 ºC. Deretter strør du eit godt lag med mjøl på benken og heller deiga ut av bollen. Kna og brett forsiktig inn jalapeño og manchego i deiga. Del deiga i to like store emne som du formar til avlange brød som er omtrent like lange som steikebrettet. Dekk med eit kjøkenhandklede og lat kvile på benken i ca. 20-25 minutt.

Når omnen og steikebrettet er godt og varmt strør du litt mjøl på det glovarme steikebrettet og plasserer brøda på det. Steik midt i omnen i ca. 25 -30 minutt, eller til brøda er sprø og gyldne. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*