Eltefrie speltrundstykker

[dropcap]E[/dropcap]ltefrie brød og rundstykker ser ut til å verte meir og meir populært for tida, og det er slettes ikkje så rart. For denne måten å bake på krever lite arbeid og gir svært luftige brød med sprø og god skorpe.

Desse rundstykka er laga av speltmel som gjer det bedre egna for mange sidan det ofte har vist seg å vere meir skånsomt for magen. Spelt oppfører seg litt annleis frå hvete og krever mindre elting. Dette gjer at det då er veldig godt egna til desse eltefrie rundstykka. Oppskrifta her gir 12 små rundstykker som er perfekte til frukosten eller å ta med som niste. Spelt gir litt tyngre brød enn dei som er laga med hvetemel, men desse rundstykka får allikevel dei karakteristiske luftlommene og ei nydeleg god skorpe.

DSC_0687

[recipe-foody]Ingrediensar til 12 små rundstykker:

  • 350 g sikta speltmel
  • 150 g sammalt speltmel
  • ¾ ts tørrgjær
  • 2 ts salt
  • 1 ts akasiehonning
  • 4 dl vatn
  • solsikkefrøkjerner, til pynt

[/recipe-foody]

Bland saman alle ingrediensane til rundstykka i ein bakebolle. Dette blir ei ganske klissete deig. Dekk bakebollen med plastfolie og la stå på kjøkkenbenken i ca. 10 timar eller over natta.

Neste morgon strør du mel på kjøkkenbenken og heller deiga utover. Brett inn deiga under seg sjølv nokre gongar slik du dreg med melet og får ei litt fastare deig. Sett inn eit muffinsbrett i steikeovnen og forvarm til 250 ºC. La deiga kvile på benken i ca. 20 minutter, til ovnen er varm og god.

Del opp deiga i 12 små klattar med ei brødskrape eller bruk to skeier. Ta ut muffinsbrettet og pensle med litt nøytral steikeolje (raps, solsikke). Fordel deigklattane i dei 12 små muffinsformene på brettet. Pensle lett med vatn og strø litt solsikkefrøkjerner eller andre frø på toppen og sett inn i steikeovnen. Skru ned temperaturen til 225 ºC og la rundstykka steike i ca. 20-22 minutter, til dei er gyldne og sprø på toppen. Avkjøl rundstykka på rist.

DSC_0670

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*