Eltefritt brød

REKLAME/SPONSA INNLEGG

[dropcap]D[/dropcap]en siste tida har det aller meste av brødbaksten eg har laga vore av den eltefrie typen. Då har brøda stort sett vore bakt i gryte og fått ein fin og rund fasong. Denne gongen ville eg ha eit “vanleg” brød og steikte det i vanleg brødform. Resultatet er saftig og godt brød som passar perfekt til kvardags.

Det aller beste med eltefri brødbakst er den sprø skorpa baksten får på utsida samtidig som det blir utruleg saftig på innsida. Eltefri baking passar perfekt til deg som ikkje vil bruke mykje tid på kjøkenet til elting og heving, men likevel er glad i god heimelaga bakst. Då set du deiga ved å røre saman ingrediensane på 2-3 minutt om kvelden og let stå til neste dag, og steiker på høg varme dagen etter. Brødet held seg ferskt og saftig nokre dagar, men kan også frysast ned.

Den flotte brødfjøla med mi eiga personlege blogg-reklame du ser på bileta har eg fått frå Nordvestprofil. Dei er superdyktige og kan ordne det meste innan profilering. Så har du også lyst på di eiga personlege skjærefjøl med UV-print, så vil eg anbefale at du tek ein kik på heimesida som du finn ved å trykkje her eller på facebooksida her.

RVdJL4RAT+2lHdHlWySeqQ_thumb_72ef

qNMFaQ8vRNS3m+hsrOLTJA_thumb_72f2

[recipe-foody]Ingrediensar til 1 brød:

  • 8 ½ dl kveitemjøl
  • 5 dl fullkornsmjøl
  • 3 ts salt
  • 1 ts tørrgjær
  • 6 ½ dl vatn

[/recipe-foody]

Rør saman ingrediensane i ein bakebolle til du får ei ganske klissete deig og strø eit lite lag mjøl over. Dekk med plastfolie og lat stå på kjøkenbenken over natta eller minst 8 timar.

Set ei rist midt i omnen med ei brødform på ca. 2 liter oppå og forvarm omnen til 240 ºC.

Strø eit lag mjøl på benken og hell deiga utover. Bruk ekstra mjøl på hendene og form deiga til ei pølse som passer til brødforma. Dekk med eit kjøkenhandklede og lat stå på benken i ca. 15-20 minutt. Deretter tek du ut den glovarme brødforma og strør eit lite lag med mjøl i botnen. Legg brødet i forma og dekk med aluminiumsfolie. Set midt i omnen og lat steike i 20 minutt. Etter 20 minutt tek du av aluminiumsfolien og steiker vidare utan i 20 minutt ekstra. Brødet er ferdig når det er gyldent og sprøtt på utsida og lagar ein hul lyd når du bankar på det. Avkjøl brødet på rist.

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*