Eltefritt focacciabrød

DSC_0810

Saftig og luftig foccacia uten elting og andre redskap enn ei sleiv og ei gryte eller jernpanne. Denne focacciaen rører du berre saman på eit par minutter kvelden før så har du godt focacciabrød neste dag.

Eg har som regel alltid eit lager med focacciabrød i frysaren til ei kvar tid, men no var lageret tomt og måtte fyllast på igjen. Sidan det var seint på kveld så tenkte eg at kanskje den eltefrie metoden med heving over natta kunne fungere ypperleg, og det gjorde det så absolutt. Focacciaen har eg stekt i støpejernsgryta mi frå Le Creuset, men har du ikkje det kan du fint bruke ei jernpanne eller liknande som tåler steikeovn. Oppskrifta her gir eit lite rundt focacciabrød som er akkurat passe som middagstilbehør til ein familie på 4-6 personar. Brødet blir svært luftig og har ein annan konsistens enn dei vanlege focacciabrøda som er stekt på vanleg måte og blir enda meir saftig.

DSC_0797

DSC_0829

Ingrediensar til eit rundt focacciabrød:

  • 8 dl kveitemjøl (ca. 500 g) + ekstra til utbaking
  • 2 ts salt
  • ½ ts tørrgjær
  • 3 ¾ dl romtemperert vatn
  • 4 ss olivenolje
  • fersk rosmarin
  • havsalt

Bland saman kveitemjøl, salt, tørrgjær og vatn i ein  bakebolle til du får ei fast og klissete deig. Dekk med lokk eller plastfolie og la stå på kjøkkenbenken over natta eller minst 8-10 timar og opptil 24 timar maksimum.

Neste dag strør du eit lag med kveitemjøl på toppen av deiga og heller den ut av bollen. Form deiga forsiktig til eit rundt brød. Ha 2 ss av olivenoljen i ei støpejernsgryte eller ei jernpanne og smør den godt utover. Legg deiga på toppen og trykk den forsiktig utover slik at den kjem ut i kantane på alle sider. Dekk til gryta/panna og la deiga kvile i ca. 20 minutter. Ha så dei siste 2 ss med olivenolje utover på toppen av brødet, trykk nokre stilkar fersk rosmarin ned i deiga og strø på havsalt. Deretter sett du gryta inn i kald steikeovn på midterste rille (uten lokk) og skrur på ovnen på 200 ºC vanleg over-og undervarme. La brødet steike i ca. 40-45 minutter, men dei siste 5 minutta kan du skru opp temperaturen til 225 ºC og gjerne bruke varmluft for å få ei sprø og gylden overflate. Brødet er ferdig når det lagar ein hul lyd når du bankar på det og er sprøtt og fint på toppen. Avkjøl på rist og nyt.

DSC_0820

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *