Eltefritt grytebrød med cheddar & timian

DSC_0537

Brødbaking er noko av det kjekkaste eg veit og nettopp desse grytebrøda er noko som alltid gir godt resultat. Dette eltefrie grytebrødet med cheddarost, pinjekjerner og timian er kanskje det beste grytebrødet eg har laga og blei utruleg smakfullt og luftig.

Igjen er det ei brøddeig som kun krever nokre minutter røring kvelden før og som då gir ferskt brød til frukosten neste morgon. Lettare å bake brød blir det knapt nok. Til denne oppskrifta vil du også trenge ei jerngryte med lokk eller liknande. Brødet smakar nydeleg med god ost, spekemat og nøtter.

DSC_0530

Ingrediensar til 1 grytebrød:

  • 300 g hvetemel
  • 225 g sammalt grovt speltmel
  • 1 ts tørrgjær
  • 2 ½ ts salt
  • 3 ss pinjekjerner
  • 1 neve fersk timian, grovhakka
  • 60 g cheddar, reven
  • 4 ½ dl vatn

Kvelden før du skal bake brødet lagar du deiga. Bland saman alle ingrediensane til brødet i ein bakebolle og rør til du får ei klissete deig. Dekk bollen med eit lokk eller plastfolie og la stå på kjøkkenbenken til neste dag eller i ca. 8-10 timar.

Sett inn ei jerngryte med lokk i kald steikeovn og forvarm til 250 ºC. Strø godt med hvetemel på kjøkkenbenken og hell deiga ut av bollen. Brett deiga saman nokre gongar til du får ein fast deig du kan forme til eit rundt brød og legg det med skjøten på undersida. La deiga kvile på benken i ca. 20-30 minutter.

Ta ut jerngryta av ovnen og strø litt mel i botnen på gryta. Legg brødet forsiktig ned i gryta utan å øydelegge fasongen for mykje. Sett på lokk og la brødet steike i ca. 35 minutter. Ta deretter av lokket på gryta, skru ned ovnstemperaturen til 220 ºC og la brødet steike vidare uten lokk i ca. 10 minutter ekstra. Avkjøl brødet på rist.

DSC_0542

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *