Eltefritt surdeigsbrød

[dropcap]D[/dropcap]ette må vere det brødet eg har blitt mest fornøgd med nokon gong og har ein fantastisk smak og tekstur som du berre får ved å bruke surdeig. Brødet er enkelt å røre saman, har sprø og seig skorpe og ei saftig og luftig innside.

Å bake med surdeig er enkelt når du fyrst har ein aktiv og vellukka surdeig. Då eg såg at surdeiga mi bobla seg godt opp og var svært aktiv måtte eg berre hive meg rundt å blande ei røre til brød. Og brødet blei det beste eg har laga til no, både når det kjem til surdeig og eltefri baking. Sørg for å ha ein aktiv surdeig og lat bakinga ta den tida det treng for å heve seg opp nok, så vil du nok lykkast like godt du også!

BYDBDJ7wQmK408fUA7J+Vg_thumb_7408

qEvjOB2cQvqQFkiKuv2brg_thumb_7413

[recipe-foody]Ingrediensar til 1 brød:

  • 120 g aktiv surdeig (etter framgangsmetode her)
  • 6 ½ dl romtemperert vatn
  • 1 ss honning
  • 7 dl sikta rugmjøl
  • 2 ½ dl grov sammalt rug
  • 3 ½ dl sikta kveitemjøl
  • 2 ts salt

[/recipe-foody]

Ha vatnet i ein bakebolle og tilset surdeig og honning. Rør det godt ut. Ha i mjølet og bland det saman med ein gaffel eller ei tresleiv til du har fått ei ganske fast og klissete deig. Strø eit lite lag mjøl på toppen og dekk bollen med plastfolie. Lat stå på kjøkenbenken over natta eller i minst 12 timar. Då skal den ha heva seg ein god del og du vil sjå masse fine små luftbobler i deiga.

Set ei jerngryte med lok ca. midt inni steikeomnen og forvarm til 250 ºC.

Strø eit lag mjøl på kjøkenbenken og hell deiga utover. Bruk rikeleg med mjøl på hendene og prøv å forme den til eit rundt brød samtidig som du dreg med deg litt av mjølet inn i deiga. Brett deiga innunder seg sjølv nokre gongar slik du får stramma opp og får eit litt fastare brød. Dekk med eit kjøkenklede og lat kvile på benken i ca. 60 minutt. Gjenta brette-prosessen nokre gongar til i løpet av hevetida.

Etter ca. ein times tid er omnen og gryta god og varm og brødet har fått heva seg litt. Snitt brødet med ein skarp kniv enten som eit kryss eller ein firkant på toppen. Dette skal vere med på å kontrollere korleis brødet hevar seg opp og sprekk opp i omnen. Ta ut gryta og strø eit lite lag mjøl i botnen. Flytt brødet forsiktig over i gryta og legg på loket igjen. Steik brødet under lok i ca. 25 minutt. Deretter fjernar du loket og skrur temperaturen til 230 ºC. Steik vidare i ca. 20 minutt ekstra og skru gjerne på litt varmluft mot slutten for å få ekstra god skorpe. Når brødet er gyldent og sprøtt og lagar ein hul lyd når du bankar lett på det, er det ferdig. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*