Enchiladas med tacokjøttdeig

DSC_0519

Tacomiddagen er fast innslag i dei fleste heimar i helgene, og er intet unntak her i huset heller. Er du som meg kanskje gått lei av den tradisjonelle tacoen med tacoskjell og tortillalefser og alle skålene med salat og tilbehør? Prøv gratinerte enchiladas med saftig og spicy kjøttfyll!

Enchiladas er tortillalefser fylte med kjøttfyll og grønsaker som er gratinerte i ovnen med ost og tacosaus. Retten kan lagast både med kjøttdeig eller strimla kjøt av kylling eller storfe. Her har eg brukt heimelaga tacokrydder og heimelaga tortillalefser med speltmel. Ved sidan av serverte eg dei med grøn salat, ananassalsa, guacamole, maisdipp og rømme. Har du ekstra god tid og lyst må du gjerne også lage din eigen heimelaga tacosaus. Denne gongen blei det nok tacosaus frå butikken her, men det går heilt fint!

DSC_0516 kopi

Ingrediensar til enchiladas og tilbehør for 4-5 personar:

Kjøttfyll:

  • 400-500 g kjøttdeig av storfe (evt. kyllingfilet el. biffkjøt i strimlar)
  • 1 stor grilla hermetisk paprika, grovkutta
  • 1 boks chilibønner
  • 1 ss tacokrydder (oppskrift her)
  • 1 rødløk, finkutta
  • 1 boks hermetiske maiskorn
  • 2 vårløk, kutta i ringar
  • cherrytomatar, grovkutta
  • 1 glas tacosaus
  • 10 medium store tortillalefser (oppskrift her)
  • reven ost til gratinering

Maisdipp:

  • 1 boks hermetiske maiskorn
  • 1 ts tacokrydder
  • 1 ts spisskummen
  • 2 cm rød chili, finhakka
  • 2 dl rømme
  • smør til steiking

Ananassalsa:

  • ½ fersk ananas, kutta i små terningar (mango fungerer også ypperlig)
  • ½ rød paprika, kutta i små terningar
  • 1 ss frisk koriander, finkutta
  • 1 lime, safta

Anna tilbehør:

  • 1 porsjon guacamole (oppskrift her)
  • 1 beger rømme
  • grøn salat

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Start så med å steike kjøttdeiga i ei steikepanne. Ha så i tacokrydder, grovkutta grilla paprika og litt vatn og la det surre litt. Så har du i chilibønner og lar det stå å putre litt til alt er varmt og godt blanda. Ta så fram ei ildfast ovnsform og tortillalefsene. Legg ei passeleg mengde med kjøttfyll i ei stripe midt på kvar tortillalefse. Ha så på litt oppkutta rødløk, vårløk, maiskorn, tomat og tacosaus i ønska mengde i kvar tortillalefse og brett dei saman så du får rullar. Legg dei i den ildfaste forma og smør utover litt tacosaus på kvar lefse og strø over med reven ost. Sett så inn i ovnen og steik i 20-30 min, til osten er gylden.

DSC_0493

For å lage maisdippen heller du av laken i i hermetikkboksa og har maiskorna over på eit kjøkkenpapir for å tørke av litt væske. Steik så maiskorna saman med tacokrydder, spisskummen og finkutta chili i ei steikepanne med ein klatt smør på middels høg varme. Ha maiskorna over i ein stavmiksar saman med rømme og kjør til alt er most. Om du vil ha litt grovare maisdipp kan du også ha i nokre heile maiskorn også.

Så kan du lage til ananassalsaen. Kutt opp ananas, paprika og fersk koriander og bland det saman i ei skål. Press saft frå ein lime over blandinga og rør rundt. Om du synes det er for lite sødme i salsaen kan du tilsette eit lite dryss brunsukker også.

DSC_0526

Server så rykande varme enchiladas med litt koriander over med grøn salat, guacamole, maisdipp og litt rømme til. Ein smakfull og variert versjon av taco!

DSC_0529

2 comments

  1. Lagde dette igår, kjempegodt!! 🙂

    1. Så bra!:) Kjekt med tilbakemelding!:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *