Enkel vaniljeiskrem & affogato

DSC_0004

Oppskrifter på forskjellige typar iskrem og enkle dessertar kan ein aldri få nok av og på denne tida av året passar dette i tillegg perfekt. Herleg krema og enkel vaniljeiskrem er utgangspunkt for mange gode dessertar og kan nytast når som helst! Kombinasjonen du får i denne desserten med varm og god kaffesmak og krema og kald vaniljeiskrem er uslåeleg!

Affogato er ein italiensk kaffe-basert dessert som oftast består av ei kule vaniljeiskrem som er drukna i varm og sterk espresso. Iskremen smeltar av den varme espressoen og du får ein milkshakeliknande konsistens som smakar nydeleg av kaffe og vanilje. Saman med affogato synest eg det smakar nydeleg med amarettikjeks, enten som knuste smular over iskremen eller som eit kjeks ved sidan av. Dersom du vil lage dine eigne amarettikjeks får du oppskrift på det også i dette innlegget. Både iskremen og desserten er superenkel å lage og er perfekt når du treng ein dessert på ein-to-tre. Det er heller ikkje nødvendig med iskremmaskin for å lage denne iskremen, så her har du iskrem som alle kan lage!

DSC_0006

DSC_0002

Ingrediensar til enkel vaniljeiskrem:

  • 4 eggeplommer
  • 1 egg
  • 150 g melis
  • 1 vaniljestang, frøa
  • 4 dl kremfløte

Affogato for èin person:

  • 1-2 kuler vaniljeiskrem
  • ca. ½-¾ dl sterk espresso
  • evt. amarettikjeks (oppskrift her)

For å lage iskremen har du eggeplommer, egg, melis og frøa frå ei vaniljestang i ein bolle og piskar det til tjukk og luftig eggedosis. Pisk deretter kremfløten til luftig og fin krem i ein rein bolle. Bland inn ca. èin tredjedel av den stivpiska kremen i eggedosisen for å få det godt samanblanda uten å slå ut all lufta. Vend deretter inn resten av kremen i eggedosisen og bland forsiktig slik du beheld det meste av luftigheita. Hell iskremblandinga over i ei brødform eller liknande og dekk med plastfolie heilt ned i overflata på blandinga. Sett i frysaren og rør rundt litt i isen 1-2 gongar i timen for å unngå iskrystallar heilt til isen er omtrent heilt gjennomfrossen. Dette tek ca. 4 timar.

For å lage affogato lagar du fyrst sterk espresso. Ha 1-2 kuler med vaniljeiskremen i eit glas og hell deretter den rykande varme espressoen over iskremen. Her brukar du så mykje espresso som du sjølv ønskar. Server gjerne saman med amarettikjeks og nyt umiddelbart!

DSC_0009

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *