Entrecôte med ovnsstekte rotgrønsaker & avokadodip

DSC_0335

Eit solid stykke biffkjøt med enkelt tilbehør er kjærkomen helgekos som alltid slår an. Denne gongen bar biffmiddagen preg av meksikanske smakar som lime, chili og avokado.

Ovnsstekte rotgrønsaker er enkelt tilbehør som passar til mange typar middagar og krever lite arbeid. Denne varianten er godt krydra og passar derfor fint saman med den friske og krema avokadodipen med syrleg limesmak. Retten smakar nydeleg slik den er, men server gjerne saman med litt grøn salat.

DSC_0336

Ingrediensar til entrecôte med tilbehør for 4 personar:

Entrecote:

  • 4 x 200-250 g entrecôte
  • ca. ½ dl olivenolje
  • fersk timian, finhakka
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Ovnsstekte rotgrønsaker:

  • 300 g søtpotet
  • 300 g kokefaste poteter
  • 200 g gulrot
  • 200 g pastinakk
  • ½- ¾ ts chilipulver
  • 1 ¼ ts kvitløkspulver
  • 1 toppa ss paprikapulver
  • ein god klunk olivenolje
  • havsalt & peppar
  • 1 neve fersk persille
  • limesaft

Avokadodip:

  • 3 middels store avokado, godt modne
  • 3 ss lettrømme
  •  ½-¾ lime, safta
  • fersk persille
  • salt & peppar

Ha entrecôte, olivenolje, fersk timian og sitronsaft i ein frysepose og krydre det godt med salt og peppar. Gni kjøtet og marinaden godt saman slik det blir fordelt jamnt utover. La kjøtet ligge i romtemperatur gjerne nokre timar før servering.

Forvarm steikeovnen til 200-225 ºC. Om du vil kan du skrelle alle grønsakene, men eg synest det gir ekstra god smak om ein let skalet på iallefall gulrot og potet sitte på. Skjær alle grønsakene i stavar på ca. 4-5 mm tjukkelse. Ha chilipulver, kvitløkspulver, paprikapulver og ein god klunk olivenolje i ein stor frysepose og bland det godt. Ha deretter alle grønsaksstavane i posen og bland det godt til alle grønsakene er dekte av krydder og olje. Fordel grønsakene utover eit bakepapirkledd steikebrett slik dei ligg minst mulig oppå kvarandre. Strø over godt med havsalt og litt ferskkverna peppar og sett midt i steikeovnen. La grønsakene steike i ca. 30-40 minutter, eller til dei er gyldne og sprø i kantane. Finhakk fersk persille og strø over ved servering.

Grav ut alt fruktkjøtet frå avokadoane og ha det i ein stavmiksar saman med lettrømme og kjør til ein glatt purè. Smak til med limesaft, salt, peppar og fersk persille.

Varm opp litt smør i ei steikepanne og steik entrecôte på høg varme i nokre minutter på kvar side slik dei får ei fin steikeskorpe. Skru ned varmen litt og steik vidare nokre få minutter til du har fått biffen slik du likar den. Sjølv steiker eg den berre kjapt etter bruning slik den framleis er lys rosa i midten. Server entrecôte saman med ovnsstekte grønsaker, avokadodip, litt grøn salat og gjerne skvis over litt fersk limesaft over både grønsaker og kjøt.

DSC_0331 2

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *