Eplegelè med rosmarin

b5qvrtoruuegz1rfxhia_thumb_62dd

Eplegelè er nydeleg som tilbehør til ost og kjeks eller som pålegg på brødskiva. Dei norske epla gir ein herleg smak og ein nydeleg fin farge til gelèen, så her gjeld det å bruke epla medan ein framleis kan!

Eplegelè lagar du på samme måte som når du lagar ripsgelè og andre typar gelè. Den største skilnaden er at eg brukar ein god del meir vatn pr. kg. eple enn når eg lagar gelè av ripsbær eller liknande. Saman med epla har eg også hatt i litt fersk rosmarin. Dette gir ein mild smak som du kjenner berre eit lite hint av på den ferdige gelèen. Dersom du ikkje likar rosmarin eller ikkje vil ha det med i smaken så droppar du det berre. Når du skal lage gelèen bør du bruke epler som er faste og ikkje er for godt modne, for då kan du få problemer med å få gelèen til å stivne. Dersom det skulle skje kan du fint tilsetje fruktpektin for å få stiv gelè.

ewxfq06rrwokctncyasq_thumb_62d3

Ingrediensar til ca. 4 små glas (à 1 ½-2 dl) med eplegelè:

  • 1,2 kg raude epler (gjerne norske)
  • 1 liter vatn
  • 3-4 stilkar fersk rosmarin
  • ca. 450-500 g sukker pr. liter ferdig eplesaft
  • sitronsaft
  • evt. fruktpektin

Del epla i båtar og legg i ein stor kjele med både skrott, stilk og det heile sittande på. Ha i rosmarinstilkane og vatnet og gi det eit oppkok. La det småkoke på lav varme i ca. 1 times tid, til epla har mista fargen og kokt saman litt og du ser at vatnet i kjelen har fått ein frisk farge frå epla. Hell epleblandinga gjennom eit dørslag med linklede over og sil av all eplesafta ned i ein rein bolle. Lat det gjerne stå slik og renne av seg i 3-4 timar eller også til neste dag.

Mål opp den ferdige eplesafta i eit litermål og ha over i ein stor kjele saman med nokre dråpar sitronsaft. Tilsett ca. 450-500 g sukker pr. liter saft du sitt att med. Gi det eit forsiktig oppkok og lat det småputre i ca. 10-15 minutt. Ta gelè-testen (ein dråpe saft på eit lite fat som du sett i kjøleskapet nokre minutt) og sjekk om gelèen er blitt stiv. Dersom gelèen framleis ikkje er stiv kokar du safta vidare og gjentek testen igjen. Har du problemer med å få gelèen til å stivne kan du tilsetje litt fruktpektin etter anvisning på pakken. Når gelèen er stiv og klar heller du væska over på reine og sterile glas. Lat det avkjøle seg på kjøkkenbenken før du sett det kjølig til oppbevaring.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *