Eplekrydderkake med karamellfrosting

DSC_0295

Gode krydderkaker høyrer hausten til og denne er intet unntak. Med god smak av krydder, saftige epler og ein kakefrosting av kremost og karamell kan det ikkje bli anna enn godt.

Denne kaka blir veldig saftig og god på grunn av epla og saman med den litt mektige og søte karamellfrostingen passer det godt med dei krydra kakebotnane. Kaka kan minne litt om gulrotkake både med tanke på kakerøra og karamellostefrostingen, så likar du gulrotkake vil nok også denne kaka falle i smak.

DSC_0252

Ingrediensar til ei stor eplekrydderkake for ca. 10-12 personar:

Eplekrydderkake:

  • 3 egg
  • 5 dl sukker
  • 2 dl rapsolje
  • 2 dl heilmjølk
  • 2 ts vaniljeekstrakt
  • 6 dl raude epler, grovrivne
  • 5 dl hvetemel
  • 1 ts natron
  • 1 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • 1 ss kanel
  • 1 ts kardemomme
  • 1 ts malt nellik

Karamellfrosting:

  • 200 g kremost naturell
  • 2 dl karamellsaus (etter oppskrift her)
  • 1 ½ dl fløte
  • 1 ts vaniljesukker

Karamelliserte pekannøtter:

  • 50 g pekannøtter
  • 100 g sukker
  • havsalt
  • litt ekstra karamellsaus til pynt

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Pisk egg og sukker saman i ei kjøkkenmaskin i ca. 2-3 minutter. Ha i rapsolje, mjølk, vaniljeekstrakt og dei rivne epla og bland godt saman. Bland saman hvetemel, natron, bakepulver, salt, kanel, kardemomme og malt nellik i ein bolle og sikt det deretter over kakerøreblandinga. Vend det tørre godt inn i kakerøra med ein slikkepott slik at du beheld ein del av lufta. Smør to springformer på ca. 24 cm med smør og ha bakepapir i botnen. Fordel kakerøra i formene og steik kakebotnane midt i ovnen i ca. 35-40 minutter, til dei er lysebrune og gyldne på toppen og ein kakepinne kjem ut tørr når du sjekkar. Avkjøl heilt på rist medan dei fortsatt er i formene og sett deretter i kjøleskap for avkjøling over natta eller minst 4 timar.

Ha kremost og karamellsaus i ein bolle og bland saman i ei kjøkkenmaskin til det blir luftig. Pisk fløten stiv saman med vaniljesukkeret og vend inn i karamamellostekremen med ein slikkepott. Legg den eine kakebotnen på eit fat og fordel ca. 1/3 av karamellfrostingen oppå. Legg deretter den andre kakebotnen på toppen og fordel resten av karamellfrostingen rundt sidene og på toppen av kaka i eit jamnt lag. Sett kaka i kjøleskapet ei stund slik at kremen får sette seg.

DSC_0261

For å lage dei karamelliserte pekannøttene til pynten så har du alt sukkeret i ei steikepanne og lar det smelte på medium lav varme. Legg pekannøttene utover på eit steikebrett. Når sukkeret er oppløyst og har fått ein fin og gylden karamellfarge heller du det over nøttene og strør godt med havsalt på toppen. La nøttene bli heilt avkjølt og stivne før du hakkar opp ein del av dei og beheld nokre heile pekannøtter til pynt. Varm opp litt karamellsaus slik den er nokonlunde rennande og bruk ei skei til å legge eit lite lag langs kanten på toppen av kaka slik det renn litt nedover sidene. Strø hakka nøtter rundt kanten og plasser dei heile pekannøttene rundt kaka.

DSC_0289

2 comments

  1. Ååå, du store mi tid….dinne kaka ser heilt fantastisk ut!! Må prøvast, snarast…sjøl om det ikkje akkurat e haust enda… 😉 Heile bloggen din ser igrunnen fantastisk ut, trur det blir en del besøk innom her framover! 🙂 🙂

    1. Kake er aldri feil! 🙂 Den er nydeleg god spør du meg, så då er det heilt innafor å teste ut før hausten 😉

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *