[dropcap]N[/dropcap]orske epler er i høgsesong no og med sin friske og smakfulle aroma er dei perfekte i bakverk. Eplebåtar med kanel, hakka mandlar og sprøseig deig på toppen. Kva er vel bedre enn ein varm eplepai?
Eplepai hører til på menyen kvar haust når dei norske epla er modne. Den tradisjonelle eplekaka har eg egentlig aldri vore så alt for begeistra for, men gir du meg ei terte eller ein pai med epler så jublar eg! Smaken av dei søtsyrlege epla saman med kanel og paideig servert med ein god klatt iskrem vekker gode haustminner. I år som i fjor er eplepaien på plass og er du frista til å lage eplepai du også så kjem oppskrifta på denne enkle og smakfulle versjonen her!
[recipe-foody]Ingrediensar til eplepai for ca. 4-6 personar:
- 170 g hvetemel
- 50 g havregryn
- 100 g sukker
- 100 g demerarasukker
- 180 g smør, kaldt og i terningar
- 1 egg
- ½ dl mandlar, grovhakka
- 1-2 ss kanel
- 4 medium store epler
[/recipe-foody]
Forvarm steikeovnen til 200 ºC.
Ha hvetemel, sukker og havregryn i ein bolle og bland det godt. Kna inn smøret til du får ei fast, men ganske tørr deig. Rør deretter inn egget til du får ei ganske så klissete deigrøre. Skrell epla og skjær dei i ca. 8-12 båtar pr. eple alt etter kor store epla er og kor store bitar du likar. Legg epla i ei ildfast form på ca. 24 cm slik dei dekker botnen på forma. Strø over kanel og grovhakka mandlar. Legg deretter deiga i klattar oppå eplene slik at det dekker alt i forma. Sett inn i forvarma steikeovn og la det steike i ca. 30-35 minutter, til paideiga er sprø og gylden på toppen. Avkjøl litt på rist før du serverer lun eplepai saman med god iskrem eller piska kremfløte.