Epleroseterte med vaniljekrem

[dropcap]M[/dropcap]ed oktober og haust fylgjer det også med norske epler og ulike oppskrifter som inneheld epler. Denne terta har sprø botn med ein nydeleg god heimelaga vaniljekrem som er stekt saman med roser av epleskiver.

Terta er svært dekorativ på bordet og smakar både søtt og friskt av vanilje og smakfulle norske epler. Epleskivene kan vere litt vanskelege å få satt i fine runde roseblad dersom du brukar epler som er litt sprø, men det er absolutt verdt dei ekstra minutta ein brukar på å få det til når ein ser det fine resultatet etterpå. Terta er fin å servere både lunken og kald og smakar godt saman med litt krem eller syrleg kesam.

sq9lcch0smmvtsewjz3cpw_thumb_6234

[recipe-foody]Ingrediensar til epleroseterte for ca. 8-10 personar:

Søt tertedeig:

  • 350 g kveitemjøl
  • 1 klype salt
  • 150 g meierismør, kaldt & i terningar
  • 90 g melis
  • 2 middels store egg

Heimelaga vaniljekrem:

  • 3 ½ dl heilmjølk
  • ½ dl kremfløte
  • 1 vaniljestang
  • 4 eggeplommer
  • 80 g sukker
  • 30 g maizena
  • 1 ss smør

Fyll:

  • 2-4 norske epler (kjem ann på størrelsen)
  • eplegelè/aprikossyltetøy el.liknande, til pensling

[/recipe-foody]

Start med å lage klar tertedeiga. Ha kveitemjølet og saltet i ein bolle og bland det godt saman. Tilsett deretter smøret og smuldre det inn i mjølet med fingrane til du får ei kornete blanding. Tilsett deretter melis og egg og rør godt saman med ein gaffel til du får ei samanhengande og fast deig. Form til ein ball og trykk den lett flat og pakk inn i plastfolie og legg kaldt i kjøleskap i ca. 1 times tid før bruk. Denne deiga kan du også lage raskt i ein foodprocessor om du heller vil det. Bland kveitemjølet og saltet og bruk deretter ‘pulse’-knappen på maskina og bland inn smøret til ei kornete blanding. Ha i melis og egg og la maskina gå til deiga samlar seg i ein klump.

Medan tertedeiga ligg til avkjøling kan du lage vaniljekremen. Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa og ha både frø og vaniljestang i ein kjele saman med mjølka og fløten. La blandinga koke opp og ta så av varmen og la det trekke i ca. 10 minutter. Pisk eggeplommer og sukker lyst gult i ein bolle. Ha i maizena og bland det godt saman. Fjern vaniljestanga og varm opp igjen mjølka litt og ha ca. ein tredjedel av mjølka over i eggeblandinga medan du piskar godt rundt heile tida slik at det ikkje blir eggerøre. Hell den tempererte eggeblandinga over i resten av mjølka og la blandinga koke opp forsiktig på lav varme samtidig som du rører godt rundt ned i botnen på kjelen med ein visp heile tida. Så snart blandinga har tjukna og begynner såvidt å boble lar du den koke forsiktig i ca. 1 minutt medan du piskar kraftig. Pass på slik at vaniljekremen ikkje koagulerer og sprekker, det skal ikkje boble og koke hardt men berre såvidt putre litt slik at kremen tjuknar og får ein konsistens som heng igjen litt på vispen. Ha den ferdige kremen over i ein bolle og avkjøl litt før du piskar inn smøret.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Kjevle ut tertedeiga til den er ca. 3-4 mm tjukk og passar ned i ei terteform med laus botn på ca. 24 cm. Trykk deiga forsiktig ut i kantane og fjern overflødig deig som heng over kantane. Restane av deiga kan du bruke til småterter eller fryse ned til seinare bruk. Prikk deiga med ein gaffel og blindsteik (dekk med papir og fyll med tørka erter) terta midt i ovnen i ca. 10 minutt. Deretter fjernar du papir og erter og steikar vidare i ca. 3-4 minutt. Avkjøl terta litt.

Smør vaniljekremen utover tertebotnen i eit jamnt lag. Skjær eplene i tynne skiver som du delar i to halvmånar. Bruk eventuelt ein potetskrellar til å lage tynne strimlar av eplene som passar til å starte rosa med. Plasser den fyrste rosa i midten av terta og sett epleskivene rundt den i avrunda halvmånar som buar inn slik dei overlappar kvarandre og du får forma på ei rose. Fortsett deretter med neste rose utanpå den fyrste og bygg opp til du får samme størrelse på den også. Fortsett slik til du har fylt opp terta med epleroser som dekker nesten heile botnen. Innimellom rosene kan du lage små roseknoppar slik at du får fylt ut heile terta. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 25 minutt, til eplene har fått farge og vaniljekremen har stivna. Pensle eplerosene med eplegelè eller liknande og la den avkjøle seg litt før servering.

h4emcl3qswe05s6dr8gjq_thumb_6221

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*