Ertesuppe med grønsaker & svineknoke

DSC_0728

Ekte tradisjonskost står på menyen idag. Ertesuppe vekker gamle minner frå middagar med farmor, og det er nettopp ertesuppe som skal serverast her idag.

Suppa har fått følge av gode råvarer som norske rotgrønsaker og røykt svineknoke. No når hausten er komen igjen er det nydeleg med slike middagsrettar som ein kan varme seg på. Denne retten er ein perfekt norsk søndagsmiddag, og restane er super middag dagen derpå.

DSC_0727

Ingrediensar til ertesuppe med grønsaker & svineknoke for ca. 6 personar:

  • 400 g tørka gule erter (bløtlegg dagen før)
  • 1 salta & røykt svineknoke
  • ca. 2 l vatn
  • ½ sellerirot
  • 2 persillerøtter
  • 1 stor gul løk
  • 1-2 ss tørka timian
  • 5 medium store poteter
  • 4 gulrøtter
  • 1 purreløk
  • frisk timian
  • salt & peppar

Legg ertene i bløt i kaldt vatn dagen før du skal koke suppa. Hell av vatnet og skyll ertene. Skjær løk, sellerirot og persillerot i terningar og ha det i ein stor kjele saman med erter, svineknoke og tørka timian. Hell over vatnet til det dekker svineknoka. Kok opp og la det småputre på lav varme i ca. 2 ½ time, eller til det er mørt.

Ta ut svineknoka og legg over på eit fat. Skrell og skjær poteter, gulrøtter og purre i passande bitar og ha i suppa. Gi suppa eit lite oppkok og skru ned igjen varmen og la det koke i ca. 20 minutter, til grønsakene er gjennomkokte. Rens kjøtet frå beinet på svineknoka og del opp i mindre bitar og ha det i suppa igjen. Smak til suppa med frisk timian, salt og peppar. Server gjerne suppa med ferske rundstykker, brød eller flatbrød.

DSC_0719

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *