Espresso-panna cotta & mascarponekrem

[dropcap]F[/dropcap]løyelsmjuk og søt italiensk dessert med kraftig smak av kaffe og ein fyldig krem på toppen. Denne desserten som er superenkel å lage og smakar vanvittig godt kan du ikkje gå glipp av.

Mi store avhengigheit i livet (ved sidan av sjokolade) er kaffe og eg kan bøtte nedpå med kopp etter kopp. Den herlege lukta av nytrakta kaffe gir meg like stor glede kvar gong og har nok fulgt meg frå min tidlige debut som kaffedrikkar. Heilt pedagogisk korrekt er det nok mange som vil krangle på at det er den dag i dag. Men å få servert kaffe blanda med halvparten mjølk i den rosa tutekoppen inne med mormor og morfar, det var rein lykke for ei lita frøken.

DSC_0360

[recipe-foody]Ingrediensar til espresso-panna cotta for 4 personar:

Panna cotta:

  • 4 dl kremfløte
  • 2 dl heilmjølk
  • 150 g demerarasukker
  • 4 toppa ts pulverkaffe
  • 2 ts gelatinpulver + 2 ss kaldt vatn (evt. 4 bløtlagte gelatinplater )

Mascarponekrem:

  • 1 dl kremfløte
  • ½ dl mascarpone
  • 2 ss melis
  • ½ vaniljestang, frøa

[/recipe-foody]

Bland saman gelatinpulver og vatn i ei lita skål og la det svelle i 5 minutter. Ha fløte, mjølk og sukker i ein kjele over middels varme og rør rundt til sukkeret er oppløyst. Ha i pulverkaffe og bland godt ut. Når blandinga nesten når kokepunktet trekk du kjelen frå varmen og har i gelatin. Rør det godt saman til gelatinen har løyst seg opp og la det avkjøle seg nokre minutter før du heller over i 4 små porsjonsglas. La stå på kjøkkenbenken litt før du dekker glasa med plastfolie og sett det kaldt i kjøleskap. La stå i minst 4 timar eller gjerne over natta.

Ha kremfløte, mascarpone, melis og vaniljefrø i ei skål og pisk det til stiv krem. Ha over i ein sprøytepose og sprøyt ut små toppar på kvar panna cotta. Pynt gjerne med ei kaffebønne eller mokkabønne på kvar kremtopp. Friske bringebær smakar også nydeleg saman med desserten om du vil ha noko friskt.

DSC_0365

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*