Fastelavnsbollar

[dropcap]I[/dropcap]dag er det fastelavenssøndag og dei fleste er nok allereide i full gong med både baking og eting av bollar. Men bollar med krem er det da ingen grunn til å ikkje skulle kunne ete til andre anledningar og dagar også?! Her er uansett min versjon av kveitebollar med krem og syltetøy.

Desse bollane blir luftige, søte og mjuke og er eit godt utgangspunkt for mange typar bollar og gjærbakst av det søte slaget. Mine fastelavnsbollar har eg servert saman med dronningsyltetøy som er ei blanding av bringebær og blåbær og ein krem med vaniljesukker og lettrømme. Smaken av skogsbær, solbær og bjørnebær synest eg smakar perfekt saman med lett syrleg og søt krem og søte kveitebollar. Bytt gjerne ut med ditt favorittsyltetøy og litt ferske bær så har du eit nydeleg bollemåltid til kaffekoppen.

DSC_0953

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 18 stk kveitebollar:

  • 5 dl heilmjølk
  • 50 g ferskgjær
  • 175 g sukker
  • 1, 1 kg kveitemjøl
  • 1 ss kardemomme
  • 10 g salt
  • 1 egg
  • 150 g smør, romtemperert og i terningar
  • 1 egg, til pensling

Fyll:

  • 2 dl kremfløte
  • ½-1 dl lettrømme
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 1 ss melis
  • dronningsyltetøy/bjørnebærsyltetøy etc.
  • melis, til dryss

[/recipe-foody]

For å lage deiga varmar du fyrst opp mjølka i ein kjele til den er lunken. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilsett deretter sukker, mesteparten av kveitemjølet, kardemomme, salt og egg og la deiga elte i maskin i 10 minutters tid. Tilsett smøret i deiga og elt vidare i 10 minutter til, til smøret er heilt elta inn i deiga og du har ein glatt og smidig deig. Tilsett eventuelt meir kveitemjøl etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1 – 1 ½ time.

Forvarm ovnen til 200 ºC. Del deiga i ca. 18-20 emner alt etter kor store du vil ha dei og trill til runde bollar. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la heve til dobbel størrelse på ein lun stad, ca. 1 times tid. Pensle bollane med egg og steik midt i ovnen i ca. 12 minutter. Avkjøl på rist.

For å lage fyllet piskar du kremfløte til stiv krem saman med vaniljesukkeret. Bland inn melis i lettrømmen og vend det forsiktig saman med kremen. Her kan det vere at kremen blir litt blaut, men då er det berre å sette den kaldt i kjøleskap slik den får sette seg litt igjen. Det å ete fastelavnsbollar er uansett ei klissete affære, så kanskje like greit å bruke bestikk eller berre la det stå til med kliss og søl. Himmelsk godt er det iallefall! Del dei avkjølte bollane i to og klin på med ønska mengde syltetøy og krem og dryss over melis. Skal du ha fyll til alle bollane er det berre å doble oppskrifta på fyllet. Nyt!

DSC_0940

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*