Finnbiff med rosenkål & kantarell

pm9jjjkqymfkrqypbzhoa_thumb_61fd

Ein middagsrett eg ikkje kjem utanom kvar haust er finnbiffgryte. Her har du min versjon av den gode og krema gryta med reinsdyrskav, bacon, sopp, seterrømme og tyttebær.

Finnbiff kan varierast i det uendelege med forskjellige ingrediensar og smakstilsetjingar, men den eine ingrediensen som omtrent alltid høyrer med er reinsdyrskav. Retten passar perfekt å servere når du skal ha mange gjestar og ikkje har all verda med tid på kjøkenet og smakar utruleg godt saman med med noko så enkelt som litt godt brød.

m2kvkxgsrmikccwfspwhoq_thumb_6207

znmzmetfswsl0evfejqvhg_thumb_61e0

Ingrediensar til finnbiff for ca. 4 personar:

  • 400 g reinsdyrskav
  • 200 g kantarell
  • 150 g bacon, i små bitar
  • 250 g fersk rosenkål, delt i to
  • 1 gul løk, grovhakka
  • 2 dl vatn
  • 3-4 einebær, knuste
  • 3 dl seterrømme
  • 3-4 skiver brunost
  • 2 ss solbærsirup (evt. ripsgelè)
  • 1-2 dl matfløte
  • fersk timian
  • fersk rosmarin
  • salt & peppar
  • tyttebærsyltetøy, til servering
  • evt. purreringar, til servering
  • evt. brød

Varm opp ein stor gryte og ha i ein klatt smør. Steik reinsdyrskav i omgongar til den er gylden og legg til sides. Steik kantarellen i litt smør til den er gylden og legg til sides. Steik baconbitane til dei er gyldne og ha i rosenkål og la det surre med i eit par minutt. Tilsett reinsdyrskav og kantarell i gryta igjen og ha i løk, einebær og vatn. Gi det eit lite oppkok og la det surre nokre minutt. Ha i seterrømme, brunost og solbærsirup og la dette trekke med i ca. 10 minutt. Tilsett matfløte til du får ein passande konsistens som ikkje verken er for våt eller tørr. Smak til med ferske urtar, salt og peppar. Server retten saman med brød og tyttebærsyltetøy og dryss gjerne over litt purre om du vil.

3epo6f3aq1yysxxrxvymva_thumb_61e1

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *