Fiskegrateng

DSC_0281

Fiskegrateng er noko dei aller fleste av oss er vande med å ha fått servert gjennom barndommen og framleis er den like aktuell. Denne varianten har både spinat, erter og sennep i seg og er ein litt fornya versjon av den klassiske gratengen eg har spist i alle år.

Fiskegrateng er kjempe god fiskemiddag og smakar selvfølgelig aller best heimelaga. Det er kanskje litt arbeid å lage fiskegratengen frå botnen av, men lagar du opp ein god porsjon kan du fint fryse ned til seinare og eigentleg tek dei forskjellige prosessane heller ikkje såå lang tid. Ein ting er iallefall sikkert og det er at ein god og saftig fiskegrateng med mykje smak er ikkje å forakte! Server den gjerne saman med revne gulrøtter, kokte poteter og smelta smør.

DSC_0246

Ingrediensar til fiskegrateng for ca. 4-6 personar:

  • 3 ½ dl fullkornsskruar/makaroni
  • 650 g fiskefilet av sei/torsk, i terningar
  • 2 store sjalottløk, finhakka
  • 100 g fersk spinat
  • 100 g grøne erter (gjerne frosne)
  • 2-3 ts tørka persille
  • 1 ts tørka oregano
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Kvit saus:

  • 4 ss smør
  • 4 ss kveitemjøl
  • 4 ½ dl heilmjølk
  • 3 egg
  • 3-4 ss pepperrotsennep (Norgesglasset)/evt. anna type sennep
  • sitronsaft
  • salt & peppar
  • ca. ½-¾ dl strøkavring/griljermel

Forvarm steikeovnen til 180 ºC og smør ei ildfast form med litt smør.

Kok pasta etter anvisning på pakken i litt lettsalta vatn. Varm opp ei steikepanne og ha i ein klatt smør. Steik fisketerningane i nokre få minutter og krydre dei med salt og peppar. Legg til sides. Smelt ein god klatt smør i panna igjen og ha i sjalottløk og la den surre til den er mjuk og blank. Tilsett spinat og la den surre med til den har krympa saman. Tilsett deretter dei grøne ertene og la dei bli gjennomvarme. Ha i persille og oregano og smak til med godt med sitronsaft, salt og peppar og sett det heile til sides.

Det neste er å lage den kvite sausen. Smelt smøret i ein kjele over middels lav varme og ha i kveitemjølet. Rør godt rundt og spe på med mjølka litt og litt under stadig omrøring til du har ein glatt saus. La sausen småputre nokre minutter til den har tjukna. La den avkjøle seg litt nokre minutter før du rører inn egga eitt om gongen medan du piskar godt. Ha i sennep og smak til med sitronsaft, salt og peppar. Du kan gjerne tilsette litt ekstra persille i sausen for enda meir smak.

DSC_0264

Ha fisketerningar, pasta, spinat-og erteblanding og den kvite sausen i ein bolle og vend det godt saman utan å mose fisken for mykje. Hell blandinga over i den smurte ildfaste forma og strø over strøkavring på toppen. Sett på nederste rille i steikeovnen og la gratengen steike i ca. 40 minutter, til den er gylden på toppen og har stivna.

DSC_0280

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *