Flatbrød med rosmarin & havsalt

[dropcap]J[/dropcap]anuar er godt i gong og jula er eit tilbakelagt kapittel. Dei fleste har nok blitt metta på mektig julemat og søtsaker og er klare for lettare måltid den komande tida. Framleis har mange spekematrestar i hus og det perfekte tilbehør til det er flatbrød. Dette flatbrødet har mykje smak av rosmarin og havsalt og er enkelt å lage.

Med restar av spekemat saman med egg, frukt eller grønsaker kan ein lage mange lette måltid og i tillegg er det ein fin måte å bli kvitt alle restane etter jula på. Flatbrød krev at du har ei steiketakke og ein bakstefløy for å klare å lage det. Oppskrifta er svært enkel og her er det berre sjølve utkjevlinga som er litt krevande å få til. Flatbrød skal vere så tynne at du nesten kan sjå gjennom dei og skal steikast på lav varme slik dei tørkar ut. Sjølv elskar eg smaken av rosmarin og brukar rikeleg for å få masse smak, men prøv deg fram til kva du likar best.

le5dxsytgl9crfwfa1w_thumb_6640

[recipe-foody]Ingrediensar til 12 stk. store flatbrød:

  • 700 g kveitemjøl
  • 300 g byggmjøl
  • ½ ts salt
  • 2 ss rosmarin
  • 7 ½ dl vatn
  • rosmarin
  • havsalt
  • byggmjøl + kveitemjøl, til utbaking

[/recipe-foody]

Bland saman kveitemjøl, byggmjøl, salt, 2 ss rosmarin g mesteparten av vatnet. Bland godt saman til du har fått ei passe fast deig og juster evt. med resten av vatnet etter behov. Kna deiga litt til den blir glatt og smidig. Del deiga opp i emner på ca. 130 g og trill dei runde. Kjevle ut emna til store runde leivar som omtrent dekker overflata på steiketakka (ca. 40-42 cm). Det beste her er å bruke enten eit bakeunderlag i stoff eller ei silikonmatte. Bruk rikeleg med mjøl både under og over flatbrødet slik at det ikkje set seg fast under kjevlinga. Når du har fått leiven ca. så stor som du vil ha den strør du på eit godt lag med rosmarin og havsalt på toppen og kjevlar det inn i leiven slik det festar seg. Flytt leiven over på steiketakka ved hjelp av ein bakstefløy og steik på relativt lav varme til den har tørka godt inn og såvidt fått litt farge, og snu deretter og steik på andre sida til flatbrødet er tørt. Legg dei ferdig steikte flatbrøda i ein stabel på ei rist slik dei tørkar ut. Oppbevar kjølig og tørt.

4 Kommentarar

  1. Hva er bakstefløy? Oppskriften ser spennende ut. Hvor lenge har du oppbevart de tørr og kaldt?

    • Hei! Bakstefløy er den lange pinnen du brukar til å snu lefsene med og flytte over på steiketakka. Flatbrød kan oppbevarast i mange månaders tid om dei får ligge tørt, så her kan du fint bake opp litt og la ligge lenge 🙂

  2. Desse flatbrødet er bare heilt nydelige❤️ Ny favoritt i huset både til liten og stor.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*