Flødebolle med jordbær & lakris

[dropcap]D[/dropcap]anske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetning og eit sjokoladetrekk utanpå. Denne varianten er laga med kransekakedeig med lakris, jordbærskum og sjokolade med lakrisstrøssel på toppen.

I Danmark har desse konfektkakene blitt laga frå langt tilbake i tid og er svært populære. Har du satt tenna i ein sjølv forstår du godt kvifor dei er så populære, for dette er skikkelig godt munnfyll. Her i Norge er nok dette det vi vil kalle kokosbolle eller skumbolle, men den danske utgåva er nok hakket meir spennande med sine mange smakar og variantar. I desse flødebollane har eg brukt frysetørka jordbær som smak i sukkerskummet, men får du ikkje tak i det kan du fint bruke andre typar bær som for eksempel solbær eller bringebær. Dei frysetørka jordbæra har eg fått kjøpt på daglegvarebutikk, men dette kan du også finne på diverse bakeutstyrsbutikkar eller også på helsekostforretningar. Flødebollane er ikkje så alt for avanserte å lage, men det er litt tidkrevande. Smaken er derimot så god at det er det jaggu meg verdt.

DSC_0075

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16 stk flødebollar:

  • 100 g kransekakemasse (Odense, eller evt. heimelaga)
  • 1 ts raw lakrispulver (Johan Bülow)
  • evt. nokre dråpar eggekvite

Jordbærskum:

  • 75 g sukker
  • 40 g glukosesirup
  • 40 g vatn
  • 50 g eggekviter
  • 1 ss sukker
  • 10 g frysetørka jordbær

Pynt:

  • 200 g kvit/lys kokesjokolade av god kvalitet
  • lakrisstrøssel eller evt. lakrispulver

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 175 ºC.

Ha kransekakemasse og lakrispulver i ein bolle og kna det godt saman. Dersom massen blir litt tørr kan du tilsette litt eggekviter for å fukte opp igjen massen. Del opp massen i 16 like store bitar og trill til kuler. Kjevle dei deretter flate til runde sirklar som er litt større enn ein 5-kroning og er nokre mm tjukke. Legg på bakepapirkledd steikebrett og la dei steike i ca. 3-4 minutter, til dei er faste i kantane og fortsatt mjuke i midten. Avkjøl på brettet.

Ha dei frysetørka jordbæra i ein stavmiksar eller morter og knus dei til fint pulver. Sett til sides.

Ha sukker, glukosesirup og vatn i ein kjele og la det koke opp på middels lav temperatur. La det deretter småputre til det når ein temperatur på 117 ºC. Så her må du bruke eit sukkertermometer og følge godt med heile tida. Når sukkersirupen har nådd ein temperatur på ca. 110 ºC kan du piske eggekvitene saman med 1 ss sukker i ei kjøkkenmaskin til det begynner å skumme lett. Når sukkersirupen har nådd 117 ºC heller du den forsiktig over i eggekvitene i ein  tynn stråle medan maskina går på ganske høg fart. Fortsett å piske eggekviteblandinga til bollen har kjølna igjen etter den varme sukkersirupen og du har fått ein tjukk, blank og luftig sukkerskummasse, dette tek ca. 10-15 minutter. Dersom du er i tvil om massen er stiv nok kan du fortsette å piske vidare litt til. Når skummet er ferdig piska tilsetter du jordbærpulveret og piskar vidare i 1-2 minutter, til alt er godt blanda saman. Ha jordbærskummet over i ein sprøytepose med rund tipp og sprøyt ut små toppar med skum på kvar av kransekakebotnane. Her vil øvelse gjere mester for å få fine og høge toppar. La deretter skumtoppane stå og lufttørke i romtemperatur i 1-2 timar, slik dei får ei tørr hinne på overflata.

Smelt sjokolade over vannbad på lav varme og temperer den. For kvit sjokolade skal den vere på 45 ºC ved smelting, deretter avkjøle litt til ein temperatur på 26-27 ºC og til slutt sette den over vannbad og forsiktig varme opp igjen til 29 ºC. Då er sjokoladen klar til bruk og du får ein blank og fin sjokolade som får rette konsistensen. Dersom du brukar lys kokesjokolade skal smeltetemperaturen vere 45 ºC, avkjøling til 27-28 ºC og oppvarming til 30 ºC. Dypp forsiktig flødebollane i den smelta og tempererte sjokoladen slik det dekker heile bollen, men vær forsiktig slik du ikkje held den for lenge i sjokoladen og skummet begynner å smelte og dett av botnen. Sett på eit brett og dryss på litt lakrisstrøssel eller anna pynt og la sjokoladen stivne. Oppbevar i kjøleskapet eller evt. kan du også fryse dei ned i ei tett boks.

DSC_0068

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*