Flødebolle med kaffi

V0TsY9f3QZWoJDLZmFfvqg_thumb_7265

Danske flødeboller er små søte godsaker med ein botn av marsipan eller kjeks, sukkerskum med eller utan smakstilsetjing og eit sjokoladetrekk utanpå. I denne har eg brukt marsipan i botnen og fylt med eit herleg kaffiskum som er dekt av mørk kokesjokolade.

Namnet «flødebolle» kjem av at dei tidlegare blei laga med fløte, men med tida blei dette bytta ut med eggekviter for å gjere både produksjon og haldbarheit enklare. I Danmark er desse søtsakene solgt i store mengder kvart år. Årsaka til at dei er så populære er nok kanskje at dei kan lagast med så utruleg mange forskjellige smakar og derfor fell i smak hjå dei fleste. Dei siste åra har flødebollen blitt svært populær og er sett på som ein eksklusiv munnfull.

8M9uvlHWRmSqQ9JG+nr6EA_thumb_7279

Ingrediensar til 16 stk:

  • 115 g marsipan (helst ein med høgt innhald av mandlar)
  • 200 g mørk kokesjokolade

Kaffi-skum:

  • 75 g sukker
  • 40 g glukosesirup
  • 40 g vatn
  • 50 g eggekvite
  • 1 ss sukker
  • 1 toppa ts pulverkaffi + nokre dråpar varmt vatn

Forvarm steikeomnen til 175 ºC.

Del opp marsipanen i 16 like store bitar og trill til kuler. Kjevle dei deretter flate til runde sirklar som er litt større enn ein 5-kroning og nokre mm tjukke. Legg på bakepapirkledd steikebrett og lat dei steike midt i omnen i ca. 3-4 minutt, til dei er faste i kantane og framleis mjuke i midten. Avkjøl på brettet.

Ha sukker, glukosesirup og vatn i ein kjele og lat det koke opp på middels lav temperatur. Deretter skal det småputre til det når ein temperatur på 117 ºC. Så her må du bruke eit sukker-termometer og følgje godt med heile tida. Når sukkersirupen har nådd ein temperatur på ca. 110 ºC kan du piske eggekviter saman med 1 ss sukker i kjøkenmaskin til det startar å skumme lett. Når sukkersirupen har nådd 117 ºC heller du den forsiktig over i eggekvitene i ein  tynn stråle medan maskina går på ganske høg fart. Fortsett å piske blandinga til bollen har kjølna igjen etter den varme sukkersirupen og du har fått tjukk, blank og luftig skum. Dette tek ca. 10-15 minutt. Dersom du er i tvil om massen er stiv nok kan du fortsette å piske vidare litt til. Ha pulverkaffi i eit glas og bland ut med nokre dråpar varmt vatn til det løyser seg opp. Ha det over i skummet og pisk vidare i 2 minutt, til alt er godt blanda saman. Ha skummet over i ein sprøytepose og sprøyt ut små toppar med skum på kvar av marsipan-botnane. Lat det stå og lufttørke i romtemperatur i 1-2 timar, slik det får ei tørr hinne på overflata.

Finhakk sjokoladen og ha 2/3 av den i ein bolle og smelt over vassbad på lav varme. Når sjokoladen er smelta trekk du det frå varmen og har i resten av den hakka sjokoladen. Rør rundt til alt er smelta. No skal sjokoladen ha fått ein temperatur som er passe til å dyppe flødebollane i. Dypp forsiktig flødebollane i sjokoladen slik det dekkjer heile bollen, men ver forsiktig slik du ikkje held den for lenge i sjokoladen og skummet smeltar og dett av botnen. Set på eit brett og lat sjokoladen stivne i kjøleskapet. Pynt gjerne med ønska strøssel før sjokoladen har stivna heilt om du ønskjer. Oppbevar i kjøleskapet eller evt. kan du også fryse dei ned i ei tett boks.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *