Focaccia med ost & soltørka tomat

QRza8fveQACb6Z5RzcuzsQ_thumb_6739

Focaccia er brød som ein aldri går lei og det passar som tilbehør til det meste. Her har brødet fått eit lokk av sprøsteikt ost og soltørka tomatar.

Focaccia har eg som regel alltid liggande i frysaren slik eg raskt kan ta opp brød til salatar og middagsrettar eller også bruke det til å lage ein god sandwich. Denne varianten med masse ost og nydeleg smak av soltørka tomat er perfekt å fylle med salat og kjøtpålegg og bruke som lunsjmat eller niste på tur.

YbyGmTiYRviY42FPq2vFGQ_thumb_672f

Ingrediensar til ei lita langpanne med focaccia:

Deig:

  • 550 g kveitemjøl
  • 25 g gjær
  • 10 g salt
  • 50 g olivenolje
  • 320 g vatn

Fyll:

  • 100 g ost (for eks. gouda), riven
  • ein stor neve soltørka tomat, i strimlar
  • oregano
  • eit lite dryss havsalt
  • olivenolje

Bland saman alle ingrediensane til deiga og elt godt i maskin i ca. 10 minutter. Juster eventuelt med meir vatn eller kveitemjøl. Når deiga er glatt og smidig formar du den rund og legg den til heving i ein bakebolle med litt olivenolje og dekk med plastfolie. La heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.

Hell deiga over i ei bakepapirkledd lita langpanne og trykk deiga utover i eit jamnt lag utan å trykke ut all lufta. La etterheve i ca. 45 minutter under eit kjøkenhandklede på ein lun plass.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Trykk soltørka tomat godt nedi deiga og ringle over litt olivenolje. Strø på eit ørlite dryss med havsalt og rikeleg med oregano. Til slutt strør du utover riven ost på toppen. Sett midt i den forvarma ovnen og la brødet steike i ca. 25 minutt, til brødet er sprøtt og gyllent på toppen. Avkjøl litt på rist og server lunka brød saman med for eks. aioli og salat.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *