Frangipane-terte med eple

RwwxvmkXSgCbE6OnsRpYYQ_thumb_712f

Frangipane er eit mandelfyll som ein brukar til diverse kaker og terter. Her har eg brukt det nydelege mandelfyllet til ein søt tertebotn med norske syrlege eple på toppen.

Frangipane lagar du vanlegvis med malte mandlar, smør, egg og sukker og er eit supert fyll til ulike typar bakst. Den søte og fyldige smaken er nydeleg saman med friske eple og ein sprø tertebotn. Mandelfyllet blir mjukt og godt og får ei slags karamellisert overflate under steiking. Sjølv elskar eg alle typar nøtter og synest det er utruleg godt saman med syrlege frukter. Med haugevis av norske eple tilgjengeleg var det ikkje vanskeleg å velje ut kva eg ville lage. Terta er supergod i seg sjølv, men smakar også fantastisk med ein klatt rømme, krem eller kesam.

zqz4atOyT96E+GIYte%Tog_thumb_714b

XUQlAZULTyamlO8%tBqFqQ_thumb_7136

Ingrediensar til frangipane-terte:

Søt tertedeig:

  • 275 g kveitemjøl
  • 100 g melis
  • ei klype salt
  • 100 g smør, kaldt & i terningar
  • 2 egg

Frangipane (mandelfyll):

  • 125 g smør
  • 125 g melis
  • 125 g mandelmjøl
  • 2 egg
  • 3 ss kirsebærlikør/kirsebærsirup
  • ca. 3 stk. små norske epler
  • melis, til servering

Det fyrste du må gjere er å lage klar tertedeiga slik den får kvile i kjøleskapet før bruk. Ha mjøl, melis og salt i ein foodprocessor og bland det godt saman. Ha i smøret og trykk på «pulse»-knappen på maskina nokre gongar til du får ei smulete deig. Ha i egga eitt om gongen og kjør i maskina litt og litt i gongen heilt til deiga har samla seg i ein fast klump. Ta ut deiga og form den til ein rund ball og trykk den lett flat. Pakk inn i plastfolie og lat kvile i kjøleskapet i minst ein time, slik den blir lettare å jobbe med.

Forvarm steikeomnen til 180 ºC. Strø eit lag med mjøl på kjøkenbenken og kjevle ut tertedeiga til eit rektangel slik den passar ei rektangulær terteform på ca. 35 cm x 10 cm. Deiga skal vere ca. 4 mm tjukk. Trykk deiga ned i forma og pass på at den kjem godt ut i kantane. Fjern overflødig deig. Du vil nok få ein god del deig til overs dersom du brukar denne størrelsen terteform, men den kan du fryse ned til seinare eller bruke til å lage nokre små mini-terter i tillegg. Prikk deiga med ein gaffel. Blindsteik (dekk med bakepapir og fyll opp med erter) terta midt i omnen i ca. 10 minutt. Fjern deretter papir og erter og steik vidare i 5 minutt ekstra. Avkjøl terta litt på rist medan du lagar fyllet.

For å lage frangipane har du smør i ei kjøkenmaskin og rører det mjukt og luftig. Tilset melis og malte mandlar og rør saman til det er godt blanda. Ha i egga eitt om gongen og rør godt mellom kvart av dei. Til slutt har du i kirsebærlikør og blandar det godt inn. Fyll terta med mandelfyllet til det står igjen ca. 5-6 mm opp til kanten. Her må du passe på slik du ikkje fyller for mykje i forma slik det renn over når du får i epla. Skjær epla i tynne skiver og fordel det utover på toppen av fyllet slik det ser ut som små vifter. Her må du justere mengda eple til det som passar i terta og kor store epla er. Set tilbake midt i omnen og steik i ca. 25-28 minutt. Dersom du synest mandelfyllet blir for brunt og mørkt på farge kan du legge over litt aluminiumsfolie mot slutten av steiketida. Når terta er lysebrun og gylden og fyllet har stivna er den ferdig. Avkjøl heilt i forma før servering. Dryss over litt melis og nyt som den er, eller saman med ønska tilbehør.

lmnGT0ZTSVK88jBC3G2oMA_thumb_713d

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *