Fransk løksuppe

atlkcapmtpejcgn8jzzg_thumb_64cd

Løksuppe verken høyrer eller ser kanskje spesielt godt ut, men eg kan garantere at smaken så absolutt er det. Løken får ein mild og søtleg smak når den blir steikt og kokt over lang tid og gir ei svært aromatisk suppe. På toppen av suppa er det gratinerte brødskiver med god ost.

Løksuppe er ein middagsrett som krever svært få ingrediensar og er eit rimeleg måltid. Suppa passar like fint som hovudrett, som ein liten forrett til fine middagar. Sjølv kor glad eg er i Frankrike og i det franske kjøkenet, så hadde eg enda ikkje fått smakt på den klassiske løksuppa før no. Smaken var overraskande god og enklare å lage blir det nesten ikkje. Her er iallefall min versjon av klassikaren!

v17nkbjut6iii3erlau4g_thumb_64d1

Ingrediensar til løksuppe for ca. 4 personar:

  • 2 ss smør
  • 600 g gul løk
  • 2 fedd kvitløk, knust
  • 2 ss kveitemjøl
  • 12 dl kyllingkraft
  • ½ dl sherry (kan sløyfast)
  • 1 laurbærblad
  • nokre stilkar fersk timian
  • salt & peppar

Til servering:

  • godt brød, i skiver
  • riven ost (gjerne gouda, gruyere eller liknande)

Smelt smøret i ein stor kjele. Skjær løken i tynne skiver og la den surre i kjelen på middels varme i ca. 20 minutt, til den er mjuk og blank og har begynt å få ein gylden farge. Ha i kvitløk og kveitemjøl og la det surre med eit par minutt. Deretter har du i kyllingkraft, sherry og laurbærblad. Gi suppa eit oppkok. La suppa småkoke vidare i ca. 15 minutt. Ha i fersk timian og smak til med salt og peppar.

Forvarm steikeovnen til ca. 240 º C og sett på grillfunksjon. Hell løksuppe over i porsjonsskåler som er ildfaste. Legg ei skive på tvers av kvar skål på toppen av suppa og fordel godt med riven ost på. Sett skålene inn i øvre del av steikeovnen og la stå i nokre få minutt, til osten er smelta og blitt gylden. Her bør du fylgje godt med slik det ikkje brenn seg for raskt. Dersom du ikkje har ildfaste suppeskåler kan du legge brødskivene på eit steikebrett og gratinere i ovnen, og deretter legge over suppa etterpå. Topp suppa med fersk timian og server!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *