Fransk løkterte

DSC_0238
Lettlaga fransk terte med masse løk og milde smakar. Servert saman med ein grøn salat og syrleg og smakfull vinaigrette får du eit balansert måltid.

Terte er enkel og flott mat å servere som lunsj eller hovedrett både til gjestar og til kvardags. Denne franske terta har enkle råvarer og passar fint om du vil lage noko godt og delikat uten å måtte bruke mykje tid.

DSC_0204

Ingrediensar til fransk løkterte for ca. 6 personar:

Tertedeig:

  • 220 g hvetemel
  • 1 klype salt
  • 150 g meierismør, kaldt og i terningar
  • 1 eggeplommer
  • 2 ts vatn

Tertefyll:

  • 40 g meierismør
  • 550 g blanding av gul løk/sjalottløk
  • 3 ss fersk timian, finhakka
  • 3 egg
  • 3 dl fløte
  • 80 g goudaost (evt. cheddar, gruyere el. lignande ost)
  • ½ ts muskatnøtt, malt
  • 1 ss tørka merian
  • salt & peppar

Vinaigrette:

  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss dijonsennep
  • 2 ss hvitvinseddik
  • 1 ½ dl olivenolje
  • 1 ss fersk timian, finhakka
  • salt & peppar

Det fyrste du gjer er å lage tertedeiga om du ikkje allereide har ei klar i kjøleskapet eller i frysaren. Bland saman hvetemel og salt og kna inn smøret til du får ei blanding som lignar sandkorn eller smular. Ha så i eggeplommer og vatn og kna raskt saman deiga. Her er det viktig å ikkje jobbe for mykje med deiga. Form den til ein ball og trykk den lett flat. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 30 minutter før du kjevler den ut.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Ta ut tertedeiga og kjevle den ut til ein ca. 3 mm tjukk rund sirkel på eit melete underlag. Trykk så tertebotnen lett nedi ei rund terteform på 24 cm med uttagbar botn og prikk med ein gaffel. Ha bakepapir oppi forma og fyll med tørre erter eller lignande og blindsteik tertebotnen i ca. 10 minutter. Ta så ut bakepapiret med ertene og steik botnen i ca. 3-5 minutter til. Avkjøl så botnen litt medan du lagar fyllet.

Skjær løken i tynne strimlar. Smelt smøret i ei steikepanne og ha i løken og la det surre på medium varme i ca. 15 minutter, til løken har blitt mjuk og lett gylden. Ha så i timian og smak til med litt salt og peppar. Riv osten grovt og bland saman med egga, fløten, merian og muskatnøtt i ein bolle. Krydre med salt og peppar. Fordel så løken over den lett avkjølte tertebotnen og hell så egg-og fløteblandinga over løken og botnen. Sett midt i ovnen og la terta steike i ca. 35-40 minutter, til den har blitt gylden og fin.

Samtidig som terta står i ovnen lagar du vinaigretten. Knus kvitløksfeddet  og bland saman med dijonsennep, hvitvinseddik og timian. Ha så i olivenoljen samtidig som du rører rundt for å lage ein slags emulsjon. Smak til med salt og peppar. Ha så over på flaske eller lignande med lokk og rist godt før bruk.

DSC_0249

Server terta med salat, vinaigrette og litt fersk timian på toppen, enkelt og smakfullt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *