Franske makronar med Nutella & havsalt

Ein av mine største svakheiter når det kjem til søtt er franske makronar i alle moglege smakar. Desse har eg laga med hasselnøtter og fylt med ein smørkrem med det populære pålegget Nutella og havsalt. Kombinasjonen søtt og salt slår aldri feil.

Etter fleire år med baking av desse på ulike vis har eg også funne ut at det slettes ikkje behøver å vere avansert å få til eit vellukka resultat. Sørg berre for å lage nok, for desse godsakene får raskt bein å gå på hjå både store og små.

[recipe-foody] Ingrediensar til ca. 28 stk:

  • 130 g hasselnøttmjøl (mal nøtter til mjøl med mandelkvern)
  • 170 g melis
  • 1 ss bakekakao
  • 100 g eggekvite
  • 80 g sucker

Nutella-smørkrem:

  • 120 g smør
  • 75 g melis
  • 1 ss bakekakao
  • 1 ts ekte vaniljesukker
  • 150 g Nutella
  • ½ ts maldonsalt

[/recipe-foody]

Mal nøttene til mjøl i ei kvern. Ha mjølet I ein bolle saman med melis og kakao og sikt det. Pisk eggekvite i ein rein bolle på medium fart i maskin til det byrjar å skumme. Dette tek berre nokre sekund. Ha i sukkeret 1 ss av gongen medan maskina går heilt til du har brukt opp alt sukkeret. Set deretter opp farta. Når du har fått ein glansfull og stiv marengs (tek ca. 7-8 minutt) siktar du i melis-og nøtte-blandinga i marengsen. Vend inn til du har blanda godt saman og rørt ut ein del av lufta, utan at du får ei heilt rennande røre. Når det renn sakte ned av slikkepotten i ein trekant når du held den opp frå bollen er den klar.

Ha røra i ein sprøytepose med rund tipp og sprøyt ut små sirklar på størrelse med ein fem-kroning med god avstand mellom kvar på bakepapirkledd steikebrett. Slå brettet hardt i kjøkenbenken nokre gongar til du har fått slått ut eventuelle luftbobler i makronane. Lat tørke på brettet til dei har fått ei tørr overflate. Dette kan ta alt frå 30 minutt til eit par timar, alt etter kor tørt eller fuktig det er i lufta.

Forvarm steikeomnen til 150 ºC varmluft.  Steik i forvarma omn i ca. 10-12 minutt. Toppane skal vere faste på underlaget når du prøver å bevege forsiktig på dei og ha fått ei sprø overflate. Her må du berre prøve deg fram litt med den steikeomnen du har. Avkjøl heilt på brettet før du prøvar å flytte på dei.

Ha smør og melis i ein bakebolle og pisk det lyst og luftig i 5-10 min.  Ha i kakao, vaniljesukker og Nutella og pisk vidare til du får ein luftig krem. Ha i maldonsaltet og bland godt. Par saman to og to makronbotnar. Fyll kremen i ein sprøytepose og sprøyt ut små toppar på ein makronbotn og set den neste oppå. Gjenta med alle. Pynt gjerne med hakka hasselnøtter rundt kanten.

2 Kommentarar

  1. Linn Gulbrandsøy

    Ser nydelig ut! Kan desse frysast? 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*