[dropcap]K[/dropcap]nasande sprø knekkebrød med godt pålegg er skikkeleg godt til frukost, lunsj eller mellommåltid. Desse er laga av frø og mjøl av bokkveite og er derfor heilt glutenfrie. Smekk saman ei røre og fyll opp lageret til kvardagsmåltida du også!
Heimelaga knekkebrød er sunt, enkelt å lage og smakar så utruleg godt at det absolutt er verdt arbeidet. Desse inneheld bokkveite som er ei slags nøtt. Bokkveite kan brukast enten som heile gryn (frø) eller malt til mjøl og er naturleg glutenfritt. Knekkebrøda kan tilsetjast ulike krydder eller urter dersom du ønskar meir smak eller også eit dryss med havsalt på toppen. Dei kan oppbevarast på tett boks og held seg nokre vekers tid.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 30 stk knekkebrød:
- 6 dl havregryn (glutenfrie)
- 3 dl solsikkefrø
- 3 dl sesamfrø
- 3 dl linfrø
- 2 dl bokkveitemjøl (finst mellom anna på helsekost)
- 1 ss fiberhusk
- 1 ½ ts salt
- 8 dl vatn
- evt. krydder/urter eller havsalt til strø på toppen
[/recipe-foody]
Forvarm steikeomnen til 160 ºC varmluft.
Bland saman alle ingrediensane i ein stor bolle. La røra stå å svelle i ca. 10 minutt. Fordel røra utover to bakepapirkledde steikebrett ved hjelp av ein slikkepott og litt kaldt vatn. Bruk slikkepotten godt og skyll den med vatn for å gjere det lettare å få eit jamnt og tynt lag med røre. Her er det viktig at du jobbar litt for å få eit jamnt lag slik at knekkebrøda får lik tjukkelse og derav blir likt steikte. Strø på ønska krydder eller havsalt. Sett bretta inn i den forvarma omnen (eit oppe og eit nede) og la stå i 10 minutt.
Ta ut bretta og rut opp passelege knekkebrød med ein pizzakniv. Sett deretter bretta tilbake i omnen. Etter ca. 30 minutt skiftar du plass på bretta og let dei så stå i 30 minutt til. Dersom knekkebrøda ikkje er blitt heilt tørre enda kan du skru ned varmen til 50 ºC og la dei stå og tørke ut ei stund. Det kan også vere lurt å knekke opp knekkebrøda og gjerne snu dei opp ned også for å få dei raskare tørre. Avkjøl knekkebrøda heilt før du legg dei i tett boks eller glas.