[dropcap]G[/dropcap]od morgen og god lørdag! Ein fin start på dagen og helga må vel vere å kunne spise ferske pannekaker med bær, yoghurt og honning på!♥
Pannekaker til frokost er enkel luksus og smakar nydelig med både søtt tilbehør som bær og honning, så vel som med salt og sprøstekt bacon saman med lønnesirup. Desse pannekakene er også laga med havremel og speltmel, så kan ein med god samvittigheit ha på ein liten dæsj ekstra med honning vel?
Helg er uansett helg, så kos deg med ein litt ekstra god frokost. Her har eg brukt tjukkmjølk frå Rørosmeieriet som gir ein god og syrleg, fyldig smak. Får du ikkje tak i det kan du fint bruke lignande som kefir eller anna surmelk.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 10-12 middels store pannekaker:
- 125 g sikta speltmel
- 100 g havremel
- 1 ss bakepulver
- 1 klype salt
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ss akasiehonning
- 30 g smelta meierismør
- 4 dl tjukkmjølk
- 2 egg
[/recipe-foody]
Bland alt det tørre i ein bolle. Ha så i tjukkmjølk, smelta smør og bland godt. Tilsett så dei to egga og rør godt rundt. La gjerne røra stå å svelle litt før du steiker i ei tørr teflonpanne.
Server så lunkne pannekaker med det tilbehør du måtte ønske. Tips til tilbehør kan vere sprøstekt bacon, lønnesirup, bær, gresk yoghurt, honning, hakka nøtter eller frø, frukt, syltetøy etc.
Nyt!♥